Ord om språk
Toppers på tabelltoppen
Teikning: May Linn Clement
No i valåret har det vore mykje tale om listetoppar, topp-politikarar, samfunnstoppar og andre folk i eller utanfor toppleiinga. På utanrikssidene har me kunna lesa om topphemmelege møte, ureint spel og annan dramatikk: Det blæs på toppane. Sportsjournalistane skriv om toppscorarar og om toppidrettsutøvarar som prøver å nå formtoppen i tide.
Ein kan verta ør i toppen av alle tydingane til topp. Det hjelper ikkje stort å ta det frå toppen, for her finst ikkje noko klårt avgrensa topp-punkt. Topp kan nyttast om mange slags øvste delar og øvste yter. Ordet er i ætt med tupp og kan visa til tolleg smale og kvasse saker, som i grantopp, topplue og «toppen av flaggstonga». Men ein topp kan òg vera flat, som mange koketoppar og topp-plan.
På toppen av dette kjem den biletlege bruken. Me har berre sett toppen av isfjellet! Konfliktane toppar seg, og mange trenarar toppar laget. «Toppen av kransekaka» vert nytta (ironisk) om ‘det likaste, beste’.
Opphavet til topp (og tupp) er omstridt, men me veit at ordet har vore med oss ei stund. I norrøne kjelder støyter me til dømes på trétoppr. Norrønt toppr vart hovudsakleg nytta i tydingane ‘lugg, pannehår (på folk)’ og ‘hårdusk (på bukk og hest)’. Snorre seier i Den yngre Edda at hesten til Heimdall heiter Gulltoppr.
Gulltopp er elles namnet på ei plante og på prinsessa i Reisa til jolestjerna. Båe er gullgule i toppen. Med mindre ein er tynn i toppen, kan ein setja opp håret i ein topp. Nokre av oss er krulltoppar. Ord som gråtopp og raudtopp finst òg. Hanen har ingen hårtopp, men han har ein topp på hovudet og vert av nokre kalla toppe: «Der går ei tuppe (høne) og ein toppe.»
Topp kan òg visa til sjølve hovudet og det som er inni der (jf. «klår i toppen», «heit i toppen»). Folk har litt av kvart i toppetasjen eller (under) topploket. Nokre tenkjer mykje på godsaker og er i verdstoppen når det gjeld eting av gelétoppar, kremtoppar og toppingar på dessertar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.