Tommy og VegardNi år gamal vann Tommy Evensen yngste klasse i NM for ungdom i 1982. Det var eit mirakel. Dei neste åra spela den vesle guten i rullestolen sjeldnare for kvart år, men det var ikkje viljen det stod på. Ti år seinare spela han mot ei norsk sj
Vegard Garmark i 2016.
Foto: Rolf Haug
Ni år gamal vann Tommy Evensen yngste klasse i NM for ungdom i 1982. Det var eit mirakel. Dei neste åra spela den vesle guten i rullestolen sjeldnare for kvart år, men det var ikkje viljen det stod på. Ti år seinare spela han mot ei norsk sjakkdronning, Mary Klingen, som hadde vunne NM for kvinner alt i 1950-åra. Tommy hadde ei vunnen stilling i sluttspelet, men tida var knapp. Han gjorde trekk nummer 37, men det tok opp mot eit halvt minutt fysisk å utføra trekket og slå på klokka. Tida rann ut tre trekk før tidskontrollen. Tommy hadde formelt tapt partiet.
Klingen såg på klokka, men vende blikket attende til brettet og gjorde tre trekk i snøgt tempo. Tommy svarte på trekka til sjakkdronninga så snøgt handa kunne lyda. Då dei passerte kontrollen ved 40 trekk, stilte Klingen sjølv klokka og gav Tommy ein halv time ekstra. Utan omsyn til tida konstaterte ho at stillinga var tapt på brettet, og ho gav opp partiet. Ho gratulerte Tommy med sigeren og blunka til den einaste tilskodaren i lokalet, Hans Olav Lahlum, som fortalde meg denne vesle historia.
Året etter byrja Tommy studera russisk på Blindern, med ein assistent. Muskelsjukdomen hadde overtaket, og han sleit med å stava seg gjennom Pusjkin. Ein dag var han borte, og eg angra på at eg ikkje hadde tatt kontakt. Men så trefte eg han i heisen og spurde korleis det gjekk. Han hadde funne eit anna, mjukare HF-fag der ein les nokre tekstar på norsk og engelsk. «Det er mykje enklare enn russisk», sa han nøgd. Eg kunne ikkje protestera på det. Men så såg eg han ikkje meir på Blindern. Eg tenkte at eg burde ta kontakt. Og så las eg at han var død.
Mange år seinare oppdaga eg Vegard Garmark på sjakkturneringar. Garmark var òg ein ung mann med ein eskalerande muskelsjukdom og eit kjapt hovud. Ti år gjekk utan at eg tok kontakt, men så stoppa eg opp under ein pause i ei turnering i fjor vår. Han var vel om lag tjue år gamal, tenkte eg då eg endeleg kom i prat med han. Eg fall nesten av stolen då maskinen hans sa han var tretti. Han var morosam med mykje sjølvironi. Talemaskinen hans hadde punchline. Eg er glad eg tok kontakt, men eg burde ha gjort det ti år tidlegare. Vegard døydde nokre månader etter det fyrste møtet vårt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.