Mat
Tomatbonanza
Naturen har vore oss nådig viss me finn slike tomatar.
Foto: Dagfinn Nordbø
Sist eg skreiv om tomatar, var eg i den franske delen av Catalonia.
Eg fekk same kjensla som eg alltid får: Minnet om den aller fyrste gongen eg såg velvaksne tomatar på marknaden i Pamplona, nord i Baskerland, sjokket, gleda, avundsjuka.
Tomatar på storleik med melonar, som faktisk har fått sol på seg, ikkje så reint lite sol heller, er noko heilt spesielt. Eg har alltid tenkt at drivhustomatane frå gassfyrte gartneri på Jæren vel aldri har makta å nå eit slikt nivå. Me har busett oss her oppe ved Nordpolen, me er ein slags pingvinar og veit ikkje betre, og vi må leve med dei grufulle følgjene: altså harde, sure tomatar som sjeldan gir oss særleg til kulinariske opplevingar.
Men nyleg oppdaga eg noko som gjer at eg kanskje må ete i meg nokre av spitorda om norske tomatar. Eit gartneri på Jæren dyrkar sorten Coeur de Boeuf, og sidan min faste matleverandør Oda har dei, måtte eg sjølvsagt slå til fortare enn svint. Dette er ein bifftomat av same typen eg fekk i Catalonia, men om den norske nemninga «oksehjartetomatar» er korrekt, veit eg ikkje sikkert. Dei er i alle fall det beste eg har smakt av norskproduserte tomatar nokon gong.
Dei har søt smak og minimalt med frø, og innmaten er saftig og herleg. Har du slike tomatar og ein skarp kniv i hus, treng du ikkje anna pålegg. Smør ein god majones eller seterrømme på grovbrødet, og legg tomatskivene oppå. Topp gjerne med fersk basilikum, som du riv over. Då får du endå meir basilikumsmak frå blada enn når du brukar kniven på dei.
Romarane i gamal tid brydde seg i byrjinga ikkje om tomatar, men dei planta dei overalt. Dei såg på dei som prydbuskar og åt ikkje bæra, som dei berre tykte var dekorative. For tomat er botanisk sett eit bær, sjølv om han i kulinarisk samanheng vanlegvis vert nemnd som grønsak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.