Tolmod er også mot

Quintus Fabius Maximus fekk tilnamnet Nølaren.
Quintus Fabius Maximus fekk tilnamnet Nølaren.
Publisert

Det er Halldis Moren Vesaas som ordlegg seg slik i ei bok frå 1967.

For mange år sidan sat eg saman med ein framståande motstandsmann frå siste krigen. Han var høgt dekorert og hadde vore med på dramatiske og livsfarlege operasjonar.

«Krig er å vente», sa han. «I krig hender det nesten ingen ting. Men når det hender, går det fort. Og då kan det gå med mykje folk. Det er difor krigen har fått slikt uord på seg.»

Eg siterer han ordrett. Orda sokk i meg. Han visste kva krig var, og han hata krigen, både den raske, hektiske aksjonen og den lange, nerveslitande ventinga. Begge delar høyrde krigen til, uløyseleg samanbundne.

Resten av livet, i freden, brukte han til å prøve å forhindre nye ulukker av det slaget krigen var.

Tolmod som våpen i krig har fått ein ærefull plass i krigshistoria.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement