Tobakken

Ein tobakksarbeidar i Monterey i Pinar del Rio på Cuba.
Ein tobakksarbeidar i Monterey i Pinar del Rio på Cuba.
Publisert

Europa kjende frå gammalt av til Asia og Afrika. Dei var begge landfaste med Europa, og lett tilgjengelege sjøvegen. Kontakten var gammal. Mykje vart utveksla, som religionar, varer, dyr og plantar. Mykje importert slo rot, som rabarbraen, som handelsmenn frå Venezia hadde med seg frå Sentral-Asia. Kristendommen har asiatiske røter.

Møtet med det nye kontinentet, som dei kom til å kalle Amerika, var noko heilt anna. Om Amerika visste europearane ingen ting.

Og møtet skapte tankebry, også for teologane. Her fanst dyr og plantar som ingen europear før hadde sett. Var også dei skapte av Gud, i ei eiga skaparhandling der vest? Og dei toføtte skapnadene som for omkring, var dei menneske eller rare dyr? Hadde dei sjel? Var dei Guds born, eller djevelens? Skulle dei frelsast, ved misjon, eller skulle dei utryddast?

Det gjekk seg til. Europearane la den nye verda under seg og fortrengde dei innfødde som etter kvart vart tilkjende ei sjel og dermed fekk tilgang til evangeliet.

Og det fanst ein stor og ukjend planterikdom i denne nye verda. Dei nye plantane fann raskt vegen til europeiske matfat. Mais, potet, tomat og paprika vart først dyrka av amerikanske urfolk. Mais og potet er i dag hovudelement i maten i mange land. Potetene dreiv hungeren ut av Noreg eit par hundreår seinare, og min heimekommune lever i dag av tomatproduksjon.

Og urfolket hadde mange plantar som vart nytta som medisin. Eit av dei var kinatreet, med kinabork. Av denne borken kunne ein utvinne kinin. Med kinin kunne ein nedkjempe malaria, ein av dei mest utbreidde og alvorlege sjukdommar som finst. Det er blitt hevda at det var kininen som gjorde det mogeleg for europearar å overleve i og kolonisere tropiske land.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement