To ulike tredjeplassar

Magnus Carlsen vann bronsefinalen mot armenaren Levon Aronjan.
Magnus Carlsen vann bronsefinalen mot armenaren Levon Aronjan.
Publisert

Ei stutt veke etter sigeren i India var Magnus Carlsen på plass i den siste Grand Chess Tour-etappen i London. Tanken var at han skulle slå franskmannen Maxime Vachier-Lagrave i semifinalen og så møta kinesaren Ding Liren i finalen. Ding Liren var mannen som i St. Louis tidlegare i haust vann omspelet mot Carlsen i snøggsjakk – det fyrste tapet til Carlsen i omspel på over ti år. Jamvel om Carlsen har vore den klårt beste spelaren i verda i 2019 under eitt, har Ding Liren vore like god som verdsmeisteren no i haust.

Men Carlsen kom aldri til finalen i London. Han rota seg bort i omspelet mot Vachier-Lagrave. Ein vonbroten Garri Kasparov sat i USA og sette ein fjerndiagnose: «Det er sørgjeleg at Carlsen ikkje har kvitta seg med spysjuka han hadde i India». Når ein høyrer om nedturane til Carlsen, er det naudsynt å presisera: Verdsmeisteren gjekk gjennom veka i London utan tap i langsjakk og har no 107 parti på rad utan tap. Fasiten i 2019 er 30 sigrar, 47 remisar og null tap. Ingen verdsmeister har nokon gong vore så aktiv – eller så god.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement