Sjakk
To lektorar, mange nobelprisar
Katta-digresjon: I 1995 fann lektor Oskar Garstein ein skatt i boksamlinga til Katta: ein russisk grammatikk frå 1741, skriven på tysk av ukjende Frederik Haugen. Garstein (med boka til Haugen) var religionslæraren min. Han var både dr.theol. og dr.philos. Til venstre sit Alf B. Glad og til høgre Ivar Magnus Ravnum. Foto: Rolf M. Aagaard / Glads private arkiv
«Hadde du Glad eller Ravnum?» Det er eit spørsmål eg har stilt og svara på eit tital gonger. Dei to filologane på Oslo katedralskole var ein institusjon, dei var sentrale i alle hjørna i «russisktriangelet» i Oslo under den kalde krigen: Universitetet, Forsvaret og Katta.
På Forsvarets russiskkurs nr. 5 gjekk Alf B. Glad, Per Egil Hegge og andre heldige «kursantar» (ordet finst ikkje i norske ordbøker, men er vanleg russisksjargong) fødde rundt 1940. Fire år seinare, i 1963, var Glad hjelpelærar på russiskkurs nr. 7 med mellom andre kursant Einar Førde. Ivar Magnus Ravnum (1939–2010) var òg på kurs 7, sjølv om han var for gamal og fekk tilnamnet «starik» («gamlefar»).
Det same året, altså i 1963, starta unge Glad opp russiskundervisning på Oslo katedralskole. Hit kom Ravnum i 1968, og dei to fekk ansvaret for annakvart russiskkull. Dei heldt òg førelesingar på universitetet, og Glad var seinare sensoren min på Blindern. Men på Katta hadde eg Ravnum.
Lektorane delte ein kjærleik til språk og formidling – i og utanfor klasserommet. Glad sette om klassikarar som Turgenjev (Fedre og sønner), Tsjekhov og i vår tid den kviterussiske nobelprisvinnaren Svetlana Aleksijevitsj. Ravnum tok for seg dei tre nobelprisvinnarane Sakharov (fred!), Pasternak og Solzjenitsyn (mursteinen GULag-arkipelet i samarbeid med Hegge og Odd Lund).
Ravnum var som ein russisk bjørn. Han spytta ikkje i glaset på klasseturen vår til Leningrad. Han gjekk innom Narvesen og spaserte inn på Katta med Le Monde og Komsomolskaja Pravda under armen. Det fyrste kvarteret fekk vi ei oppdatering frå Kreml. Etter timen skreiv han vidare på ein kronikk til Akersgata eller ei bok om russisk litteratur og kultur. Det beste minnet er frå russisktimen 23. oktober 1987: «Journalistane ventar på meg utanfor. I går fekk Joseph Brodsky Nobelprisen i litteratur.» Ravnum var den norske omsetjaren av eksilpoeten Brodsky, med til saman seks bøker.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.