To krigslagnadar

Duellen mellom Ishida og Ulvestad i 1938. Biletet heng framleis på veggen i Seattle Chess Club.
Duellen mellom Ishida og Ulvestad i 1938. Biletet heng framleis på veggen i Seattle Chess Club.
Publisert

I 1930-åra rivaliserte den beste spelaren med japansk namn, Haruo Ishida, og den beste spelaren med norsk namn, Olaf Ulvestad, om sjakkherredømet i Seattle i staten Washington. I 1938 vann «japanaren» over «nordmannen» i finalen i bymeisterskapen.

Ulvestad var særs god i lynsjakk, medan Ishida var ein meister i postsjakk. Men under krigen forsvann postsjakkspelaren frå sjakkmiljøet, og all korrespondansen kom i retur. I september 1941, tre månader før åtaket på Pearl Harbor, vart 110.000 japansk-amerikanarar internerte. Ishida vart seinare skadd, hausten 1944 i Frankrike, der han kjempa saman med andre såkalla Nisei-soldatar (amerikanarar kjende for sitt «japanske» mot). Han døydde i kamp den 6. april 1945, då regimentet hans jaga nazistane ut av fjella i Nord-Italia. For innsatsen fekk han seks posthume utmerkingar, og han vart den høgst dekorerte amerikanske sjakkspelaren under krigen.

Olaf Ulvestad drog heim til Seattle i 1942 for å gravleggja far sin, amatørhistorikaren frå Volda som eg skreiv om i førre veke. Året etter var sjakkspelaren i kamp i Nord-Afrika. Tankbrigaden hans avanserte til Italia, Frankrike og endeleg til Tyskland i 1945. Ulvestad organiserte blindsjakksimultanar for soldatane. Han vart dekorert etter krigen og fekk ein livslang pensjon.

Det var krigspensjonen som gjorde at han seinare kunne leva 26 år som «sjakkproff» i Sør-Europa. I 1980 skreiv han i eit brev til systera heime i USA at han levde enkelt, men godt på Menorca. Som den gamle verdsmeisteren Smyslov var Ulvestad barytonsongar, og han sette pris på spansk musikk. Han hadde heile livet ein draum om å leva av anten sjakkspelinga – han var på sitt beste blant dei 100 beste i verda – eller musikken, men det var krigspensjonen som heldt han oppe.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement