To kjønn posisjonerer seg
Den iranske sjakkdommaren Shohreh Bayat kasta hijaben under verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner i Shanghai 6. januar i år.
Foto: Lewis Liu / Fide / Reuters / NTB scanpix
Då Dag og Tid kom med posten førre fredag, var all merksemd i sjakkverda vend mot to kvinner og to menn. Vi byrjar med kvinnene.
Ein måtte stå opp tidleg fredag morgon for å få med seg avslutninga i Vladivostok, VM-kampen for kvinner mellom tittelforsvararen Ju Wenjun (28) frå Kina og det nye russiske stjerneskotet Aleksandra Gorjatsjkina (21). Denne duellen hadde alt. Det fyrste dramaet kom utanfor brettet ei veke tidlegare, då hovuddomaren, Shohreh Bayat (32) frå Iran, kasta hijaben og gjorde det umogleg å venda attende til heimlandet. På brettet vann jentene annankvar gong med Gorjatsjkina i leiinga etter parti 8, før kinesaren vann både parti 9 og 10. Den russiske utfordraren måtte vinna i det 12. og siste ordinære partiet for å utlikna til 6–6. Og dermed vart det førre fredag spela omkamp i snøggsjakk. Her vann Ju Wenjun, som forsvara tittelen for to nye år.
Den same dagen jaga Magnus Carlsen rivalen Fabiano Caruana (27) i Wijk aan Zee. Carlsen hadde fått opp farten med tre sigrar på rad og låg tre rundar før slutt berre eit halvt poeng bak amerikanaren. Carlsen gjekk offensivt ut mot polakken Jan-Krzysztof Duda (21). «Ingen er så god som Duda», song Halvdan Sivertsen etter at verdsmeisteren måtte seia seg nøgd med remis, men då hadde ein gløymt Caruana. Den amerikanske verdstoaren møtte Duda laurdag og vann på energisk vis, medan Carlsen var attende i remissporet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.