To åtak frå bridgen
Den sterke bridgespelaren Erlend Skjetne, her på Festivalen i 2012.
Foto: Norsk Bridgepresse
Kampen mellom sjakk og bridge er fleire hundre år gamal. For nokre år sidan kåra britane bridge og sjakk til verdas tredje og fjerde mest keisame sportar (etter golf og cricket). I fjor vart norsk sjakk utsett for to åtak frå bridgen. Det siste kom under VM-kampen til Carlsen i Dubai.
Ei handfull ganske pengesterke nordmenn sat i VIP-loungen under det 11. og siste VM-partiet då ein vadsøværing kom inn og skapte leven. Han presenterte seg som bridgespelar, men meinte han kunne slå dei andre VIP-gjestene på heimebana deira, dei 64 felta. Sjakkspelarane i rommet var ikkje kjende for å spytta i glaset, men bridgespelaren var i ein eigen liga. Han var pære full, og ingen visste kven han var, eller om han snakka eit sant ord.
I potten låg ti tusen kroner frå kvar spelar. Bridgespelaren hadde god kjensle for spelet, men tapte. Nytt parti – og nye ti tusen kroner. Bridgespelaren, som hevda han var europameister, tapte igjen. No ville han ha ein «kvitt eller dobbelt» – 40.000 eller null. «Pengar er ikkje noko problem», sa han.
Sjakkspelarane byrja googla inntrengjaren. Ja, det stemte at «Hoffa» er ein legendarisk norsk bridgespelar som bur og spelar i lag med ei av dei rikaste adelskvinnene i England.
Sjølv har eg budd i Vadsø i barndomen, eg har spela sjakk der fleire gonger sidan og kjenner godt til «Hoffa». Ein som har endå betre kjennskap enn eg til «Hoffa» og historier frå Aust-Finnmark, er Dag og Tid-skribenten Erlend Skjetne. Aller mest peiling har Skjetne på bridge, som i følgjande tirade i bladet «Bridge i Norge» nr. 1/2021:
«Eg trur generelt ikkje at folk har vondt av å høyre litt om bridge; det er jo ingen som klagar på all den gresselege sjakken vi blir bombarderte med i media. Sjakkspelarar er generelt ikkje kule, og ein mindre karismatisk type enn Magnus Carlsen skal ein leite lenge etter. Ein slik fyr hadde ikkje overlevd fem minutt i bridgemiljøet.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.