Ord om språk
Til kjeldene
Kjeldesortering er helst noko som har med avfall å gjera, men det å skilja mellom ulike slag kjelder kan òg kallast kjeldesortering. Me har inntektskjelder og ljoskjelder, og me veit at drikkevasskjelder og ureiningskjelder ikkje høyrer i hop. Gamle visdomskjelder kan tena som inspirasjonskjelde, medan smittekjelder truleg er meir til heft og skade enn til inspirasjon.
Pålitelege kjelder fortel oss at kjelde (norr. kelda) er avleitt av kald. Kjelde har vore nytta om friskt, kaldt vatn, framfor alt underjordiske vassårar som bryt fram i dagen. Men ikkje berre det: Både i norrønt og norsk har kjelde òg vore nytta om brunnar, bekker og (blaute) myrar. Me har heilage kjelder og varme kjelder, og på våte, næringsrike stader kan det veksa kjeldegras (Catabrosa aquatica).
Kald-ætta er ei rik kjelde å ausa avleiingar or, men det er berre i nordiske mål me finn ordet kjelde. Attåt forma kjelde har me islandsk og færøysk kelda, svensk källa og dansk og bokmål kilde. Kjeldene teier om korleis den urnordiske forma av ordet såg ut, men granskarar trur ho var om lag slik: kaldijo. I alle fall vart ho lånt inn i samisk. Gáldu og gaaltije er høvesvis nordsamisk og sørsamisk for ‘kjelde’.
Ei snøgg gransking av både munnlege og skriftlege kjelder viser at me ofte nyttar kjelde i overført tyding om opphav, utspring og årsak. Tilhøve som kan skapa galne slutningar, vert kalla feilkjelder. Dei kan i sin tur vera ei kjelde til forarging. Nemninga kjeldespråk vert gjerne nytta om det språket ein omset noko frå, og om det språket som er grunnlag når ein skal læra eit nytt språk.
Stutt sagt er kjelda staden noko kjem frå, anten det er handfast eller ikkje (t.d. energikjelde, hjelpekjelde, rikdomskjelde og støykjelde). Om det finst ungdomskjelder som gjer oss yngre, er tvilsamt. Det er nok meir gjevande å leita etter livsens kjelde eller livskjelda (norr. lífskelda).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.