Tidspress i pressaPengeutpressarar med press i buksa er leie å råka ut for, og det hjelper ikkje å byda dei på presskannekaffi eller spørja kor mykje dei tek i benkpress. Dei kjem like fullt til å pressa seg på og pressa pengar av deg, om lag slik me press

Publisert

Pengeutpressarar med press i buksa er leie å råka ut for, og det hjelper ikkje å byda dei på presskannekaffi eller spørja kor mykje dei tek i benkpress. Dei kjem like fullt til å pressa seg på og pressa pengar av deg, om lag slik me pressar safta or ein sitron. Kan henda finst det utpressarar som har hug til å søkja om pressestønad, men den ordninga er vel under press allereie?

Pressa er eit ord med stort arbeidspress. Verbet kjem av substantivet presse – som har minst like mykje å gjera. Presse kom til oss gjennom tysk Presse og fransk presse frå mellomalderlatin pressa, avleitt av den latinske partisippforma pressus av verbet premere (‘trykkja, klemma’). Ei rekkje ord er runne av dette latinske verbet, til dømes deprimert (‘nedtrykt’), komprimera (‘trykkja saman’), prent og presserande (av det foraldra verbet pressera ‘trengja seg på; hasta’). Her finst òg nokre ord som er danna ved metatese, det er at språkljodar flytter seg eller byter plass i eit ord. Verbet persa og substantivet perse er i utgangspunktet same ord som pressa og presse, berre at r-en og e-en har bytt plass. Ei tåreperse er soleis ei «tårepresse».

Substantivet presse har lenge vore nytta om ‘innretning til å pressa klede, klemma ut fruktsaft e.l.’. I engelsk er slik bruk av ordet press registrert frå 1300-talet, og me finn ein del gamle døme i nordiske mål òg, men då helst i forma perse (sv. pärs). Danske Moths Ordbog (frå ca. 1700) inneheld ord som vinperse, voksperse og oljeperse. I norske målføre har det òg vore vanleg å nytta denne forma (t.d. persejarn ‘stort og tungt strykejarn’). Med prentekunsten vart det vanleg å nytta perse og etter kvart presse om ‘maskin til prenting; forlag, forlagsverksemd; journalistikk; journalistar i det heile’. Det hender nok at pressefolk kjenner seg pressa til å pressa folk for informasjon, fordi det gjeld å få løynde saker opp i dagen – helst før alle andre. Det kjem elles mangt rart frå prenteverket. Eller som det gamle ordtaket seier: «Det vert mykje prenta som ein ikkje hadde venta.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement