Mat
Tid til jul
Ingen angrar på tida dei brukte på å lage god suppe.
Foto: Dagfinn Nordbø
Psykologen Erik Erikson var elev av Sigmund Freud, og eg las mykje av han i studietida. Noko av pensumet handla om dei ulike livsfasane.
Dette tenkjer eg ofte på rundt juletider, når vi gjerne er nostalgiske og ynskjer oss jul slik vi hadde det som born. Men det er jo fordi vi då slapp unna alt strevet i jula.
Det var foreldra våre som kledde seg ut som julenisse, det var dei som stod for det aller meste av matstellet, vedhentinga, vaskinga, juleneket, pyntinga, gåvene og juletreet. Pinnekjøtet skulle vatnast ut, og ribba skulle få perfekt sprø svor.
Då eg vart godt vaksen, skjønte eg at mykje av jula rett og slett var stress. No som eg er i den åttande (og siste) livsfasen, skjønar eg at jula faktisk burde vere ein periode der eg kan ta det absolutt med ro. Og det gjer eg. Ungane er ute av reiret og kjem på vitjing fyrste- eller annandag. Då lagar eg gjerne korkje pinnekjøt eller ribbe, men heller noko enkelt, som til dømes ramen: god kraft servert med nudlar, ingefær, kvitlauk og soyamarinerte egg.
Sidan eg for lengst har slutta med både juletre og julegåver, blir det faktisk ei råd med det der å ta det heilt med ro. Lutefisk et eg uansett berre på Café Engebret, og eg har framleis ikkje bestemt meg for om eg skal gidde å steikje ribbe.
Pinnekjøt har eg kjøpt, men det står at det er haldbart til mai 2026, så det er inga hast med å lage det til. I så fall trekkjer eg pinnekjøtet i ei enkel grønsakkraft, kokt på lauk, purre og sellerirot. Vossakurven kokar med dei siste tjue minutta, og kålrabistappa får eit lite dryss muskat, ei god ause av kokekrafta pluss smør og gjerne rømme i staden for fløyte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.