Ord om språk

Tett til brystet

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Fotballspelarar dempar ballen på brystet jamt. Dersom ein har ømme bryst og ballen brasar rett inn i dei i staden for å landa pent midt oppå brystkassa, gjer det dugeleg vondt. Til alt hell går slike brystsmerter snøgt over.

Forma bryst er ikkje sogen av eige bryst: Ho kjem frå dansk. Den norrøne forma er brjóst. Derfrå kjem målføreformer som brjost, brost, brjøst og brøst (jf. «mot i brøstet» og svensk bröst). Engelsk breast er ei anna form av same ordet.

Til liks med bringe kan bryst nyttast om framsida av lekamen til folk og dyr, meir presist området mellom hals og mage. Inni der er lungene (jf. bringesykje, brystsykje). Båe orda vert nytta biletleg om hug, sinn og vit (t.d. norr. brjóstfastr ‘hugfast, stø’). Me kan slå oss for bringa eller brystet (som teikn på sorg eller anger) og slå oss på bringa eller brystet (som teikn på styrke og byrgskap). Mangt og mykje fell oss tungt for bringa eller brystet.

Men bryst har òg andre tydingar. Den eldste av dei er truleg ‘kvar av to forhøgningar på framsida av overkroppen (til kvinner) som inneheld mjølkekjertlane’. Opphavet til bryst skal vera ei indoeuropeisk rot som tyder ‘svella, spira, veksa’. Ordet er i ætt med gamalirsk bruinne (‘bryst; haug’) og kymrisk (walisisk) brynn (‘bakke, haug’).

Me plar ikkje omtala bryst som haugar, men rommet mellom dei vert stundom kalla kløft. Det er gjerne kvinner med kløft og stor bh-storleik som får høyra at dei er brystfagre (eller barmfagre). Ulike folk likar ulike bryst, so me treng ikkje fortvila, me som er meir flatbrysta. Det viktigaste er at ein jamleg kjenner på brysta og tek affære om ein oppdagar ein eller fleire kular.

Ein kan leggja barnet til brystet og gjeva bryst (jf. brystbarn). Mindre tilrådeleg er det å næra ein slange ved sitt bryst (el. sin barm) (‘hjelpa ein som seinare vert eit trugsmål’). Ordlaget er henta frå ein fabel av Æsop om ein mann som vermer ein stivfrosen slange med å halda han inn mot brystet, og vert biten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement