Tesar og antitesarDet har aldri vore så få sjakkspelarar i verda som det er no. Prov: Russarane spelar nesten ikkje sjakk i offentlege parkar lenger. Men det har aldri vore så mange sjakkspelarar som no. Prov: Sjakkparti blir spela i hundretusental på inte
Sjakk i parken.
Det har aldri vore så få sjakkspelarar i verda som det er no. Prov: Russarane spelar nesten ikkje sjakk i offentlege parkar lenger. Men det har aldri vore så mange sjakkspelarar som no. Prov: Sjakkparti blir spela i hundretusental på internett kvar dag.
Kor mange sjakkspelarar finst det eigenleg? Somme likar å svara konkret på spørsmålet: 600 millionar. Men når sant skal seiast, er det ingen som veit noko som helst. Kva er ein sjakkspelar? Er du ein sjakkspelar?
Albert Nordengen hadde i 1984 ei mottaking for verdsmeister Anatolij Karpov. «How many jazz players are there in the Soviet Union?» spurde ordføraren i Oslo. Det er eit ganske anna spørsmål, men ein perpleks Karpov fann det tryggast å svara utan nærare presisering: «nokre millionar». Men tre hundre millionar sovjetarar visste kva dronninggambit er for noko, slik fem millionar nordmenn har høyrt om blåswix.
Datamaskinane drep sjakken. Prov: Analysane til dataprogramma er overlegne mennesket. På den andre sida: Sjakkparti mellom menneske er som annan idrett. Prov: Ein kan springa om kapp jamvel om bilen er raskare.
Ei ny tid pressar likevel fram nokre endringar. Det siste er trugselen frå kunstig intelligens. Det nye DeepMind-prosjektet til Google, AlphaZero, nytta berre fire timar, heilt utan menneskeleg hjelp, på å ta sjakken til eit nytt nivå.
Ei radikal løysing er å eliminera den analytiske opningsteorien frå toppsjakken. Min draum er å spela sjakk i to stilartar: klassisk sjakk og Fischer Random, der startstillinga til offiserane vert fastsett ved loddtrekning. I den siste stilarten er opningsteori uinteressant, og den beste spelaren vil vinna. Slik får ein òg bort alle remisane på toppnivå, og sjakken vert meir publikumsvenleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.