Ord om språk

Tenkjar med baktankar

Publisert

Me skal tenkja før me talar, men her skal me fyrst og fremst tala om tenkja. Det kan tenkjast at dette ordet er ein tanke for stort for denne spalta. For tenkja er tenkjande til so mangt. Det kan til dømes tyda ‘grunda’ («tenkja so det knakar»), ‘fantasera’ («tenkja seg tilbake til fortida») og ‘etla’ («pengane var tenkte til noko anna»). Det ligg nær å tenkja at dette mangslungne ordet har meir enn éin tanke i hovudet. Tenk om me hadde vore tankelesarar!

Gløgge folk har tenkt seg fram til at tenkja kjem av ei rot som tyder ‘tenkja, kjenna’. Det er ikkje utenkjeleg at forma tenkja (bm. tenke) kjem frå dansk, som i sin tur har forma frå lågtysk. I (eldre) norrønt hadde ordet -kk- i staden for -nk-, slik det framleis har i islandsk og færøysk. I andre germanske mål har ordet -nk- (jf. ty. og nl. denken og eng. think). Substantivet tanke skal koma av lågtysk (ge)danke. Dei andre norske orda som er i ætt med tenkja, har halde på k-ane sine, som tykkja, tykke (t.d. samtykke), tokke og takk (eig. ‘tanken på ei velgjerning, venleg tanke’).

Dei som tenkjer utanfor boksen, vert gjerne kalla annleistenkjande og fritenkjarar. Dei kan vera fåtenkte, djuptenkte, snartenkte og jamvel mistenkte. Hovudsaka er at dei tenkjer sitt. Stundom tenkjer dei høgt òg. Då kan dei seia noko tankevekkjande, eller dei kan koma med det vanlege tankegodset sitt. Tenkte me det ikkje!

Når me «fell i tankar» eller «går i giftetankar», er tankane mestsom eit rom me kan vera inni. Andre gonger er det me eller utsegnene våre som er eit rom: Her kan vera tankefullt eller tanketomt. Me kan òg vera tankane: «Kven har sett deg på den tanken?» Men mest av alt er tanken kopla til rørsle. Me talar om tankesprang, tankegang og tankebaner. Me tenkjer framover og bakover, og me tenkjer ut, på, over og gjennom noko. Me tenkjer etter og tenkjer oss om. Nokre har jamvel tenkt til. Både det og seiemåten «eg tenkjer at» irriterer somme. Dei kan tenkja seg ei tenkjepause.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement