Når vanskane tårnar seg opp, er det freistande å fly opp i elfenbeinstårnet. Sidan 1837, då kritikaren Charles-Augustin Sainte-Beuve nytta omgrepet, har elfenbeinstårn (fransk tour d’ivoire) vore ei nyttig nemning for ‘opphøgd isolasjon’ – ein stad eller tilstand der me slepp unna kvardagen og dei flokane jamne folk balar med. Men desse tårna er vel ikkje opne for alle?
Det er helst åndsarbeidarar som sit eller lever i elfenbeinstårn. Sainte-Beuve nytta uttrykket då han skreiv om Alfred de Vigny, ein diktar som – i alle fall i periodar – levde svært tilbaketrekt på godset sitt. Elfenbeinstårnet er soleis eit tårn for dei få. Slik spesialisert tårnbruk er heilt vanleg. Kontrolltårnet på flyplassane er for dei som arbeider der, og jakttårna er for jegerar. Me skjønar òg at det høver dårleg å bruka vasstårnet som kyrkjetårn, og at det er lite gagn i å bruka stupetårnet som kruttårn. Domartårna, fyrtårna og vakttårna tener òg ulike føremål. Likevel har alle desse bygningane nokre sams drag: Dei er etter måten høge og smale og fell dimed inn i kategorien tårn. Sjølve ordet tårn (norr. turn) er eit gamalt låneord. Det har kome til oss gjennom lågtysk frå latin turris (‘tårn’), som òg har gjeve oss fransk tour, spansk og italiensk torre og engelsk tower.
Nokre har spurt seg kvifor ei av dei rørlegaste sjakkbrikkene er forma som eit tårn, for tårn flest er vel temmeleg stilleståande? Noko fullvisst svar finst ikkje. Ein teori går ut på at brikka opphavleg var ein elefant som bar eit lite tårn. Me veit i alle fall at korkje tårnfalken eller tårnugla byggjer reir i tårnet på sjakkbrettet. Vonleg held dei seg unna tårnkaka (kransekaka) òg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.