JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Tårnfalk i stupetårnet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2385
20170929
2385
20170929

Når vanskane tårnar seg opp, er det freistande å fly opp i elfenbeinstårnet. Sidan 1837, då kritikaren Charles-Augustin Sainte-Beuve nytta omgrepet, har elfenbeinstårn (fransk tour d’ivoire) vore ei nyttig nemning for ‘opphøgd isolasjon’ – ein stad eller tilstand der me slepp unna kvardagen og dei flokane jamne folk balar med. Men desse tårna er vel ikkje opne for alle?

Det er helst åndsarbeidarar som sit eller lever i elfenbeinstårn. Sainte-Beuve nytta uttrykket då han skreiv om Alfred de Vigny, ein diktar som – i alle fall i periodar – levde svært tilbaketrekt på godset sitt. Elfenbeinstårnet er soleis eit tårn for dei få. Slik spesialisert tårnbruk er heilt vanleg. Kontrolltårnet på flyplassane er for dei som arbeider der, og jakttårna er for jegerar. Me skjønar òg at det høver dårleg å bruka vasstårnet som kyrkjetårn, og at det er lite gagn i å bruka stupetårnet som kruttårn. Domartårna, fyrtårna og vakttårna tener òg ulike føremål. Likevel har alle desse bygningane nokre sams drag: Dei er etter måten høge og smale og fell dimed inn i kategorien tårn. Sjølve ordet tårn (norr. turn) er eit gamalt låneord. Det har kome til oss gjennom lågtysk frå latin turris (‘tårn’), som òg har gjeve oss fransk tour, spansk og italiensk torre og engelsk tower.

Nokre har spurt seg kvifor ei av dei rørlegaste sjakkbrikkene er forma som eit tårn, for tårn flest er vel temmeleg stilleståande? Noko fullvisst svar finst ikkje. Ein teori går ut på at brikka opphavleg var ein elefant som bar eit lite tårn. Me veit i alle fall at korkje tårnfalken eller tårnugla byggjer reir i tårnet på sjakkbrettet. Vonleg held dei seg unna tårnkaka (kransekaka) òg.

Nokre tårn er verdskjende, til dømes tårnet i Babel (1 Mos 11,1–9), som jamvel har verka inn på språkvitskapen: Soga om dette tårnet vart lenge nytta som grunnlag når vitskapsfolk skulle forklåra korleis dei ulike språka hadde vakse fram. Mellom dei meir einfelte og heimlege tårna finn me Rosenkrantztårnet i Bergen. Absalon Pedersson Beyer har skildra ei dramatisk hending derifrå: «Natten til fredag fall een vechtere aff dett ny Tornet aff den høgeste mur oc ner paa de peler som karnappen skall byggis paa, och saa der aff oc ner paa de mange steene och slo sig der all i stycker til døde.» (2. september 1563)

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis