Taparane i historia
Lysshow ved pyramidane og sfinksen i Giza utanfor Kairo.
Foto: Erlend Aas / NTB scanpix
For nokre år sidan var eg i Egypt saman med nokre vener. Vi såg det turistar brukar å sjå i Egypt: fantastiske gravfunn med enorm rikdom, pyramidane over døde kongar, tempel i Luxor og Abu Simbel. Etter ei tid var det ein i følgjet som byrja undre seg: «Var det noko liv før døden i det gamle Egypt», spurde han.
Det meste av det vi såg, handla om livet etter døden. Og livet etter døden var storslått, omfattande og dyrt. Dei døde fekk med seg ufattelege rikdommar frå det gamle livet inn i det nye. Og desse kostnadene var det livet før døden som betalte, dei egyptarane som enno var att i sitt fattige og slitsame liv, dei som sleit og bygde gravminne på ei ussel løn og ein like ussel kost. Slik blir dei mektige gravminna også minnesmerke over det usle livet før døden.
Døden, og livet etter døden, forsynte seg grovt av nasjonalproduktet, ville vi nok seie i vårt sosialøkonomiske språk.
Dette er ingenting nytt eller eineståande. Frå vår eiga historie kjenner vi liknande funn og gravskikkar. Vestfolddronninga som låg i Oseberghaugen hadde med seg i grava rikdommar som samtida hennar berre kunne drøyme om. Det rike dronninglivet skulle halde fram på den andre sida.
Og slik er det nesten overalt der vi finn far etter menneske. Gravfunn er av dei rikaste historiske kjeldene vi har til gamle tider. Dei rike fekk rikdommen sin med seg til det nye livet.
Men det var fleire som tok godt for seg av det som var. I dei fleste kulturar er gudshusa dei mektigaste byggverka som finst, vår tids turistmagnetar: Angkor Vat i Kambodsja, pagodar i Søraust-Asia, sikhtempelet i Amritsar, moskear frå Spania til langt inn i Asia, Nôtre Dame i Paris, Peterskyrkja i Roma, St. Paul’s Cathedral og Westminster Cathedral i London, Nidarosdomen i Trondheim ... Mellomalderkyrkja heime på Finnøy er nok den største investeringa som nokon gong er gjort på den rike øya.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.