Tankefulle tyskarar

Friedrich Sämisch i Praha i 1943. «Oskebegeret ved sida av sjakkbrettet til Sämisch var som eit krematorium», skreiv stormeisterkollega Donner.
Friedrich Sämisch i Praha i 1943. «Oskebegeret ved sida av sjakkbrettet til Sämisch var som eit krematorium», skreiv stormeisterkollega Donner.
Publisert

Den tyske sjakktenkjaren dr. Siegbert Tarrasch skreiv i 1916 at fransk, russisk, engelsk og italiensk er veike opningar. Berre sjakkopningane prøyssisk og wienergambit held mål.

Den store rivalen til Tarrasch på sjakkbrettet var ein annan tysk jøde, verdsmeisteren dr. Emanuel Lasker. Men sjakkspalta til Lasker var òg ein boltreplass for tysk patriotisme. Då tyskarane vann slaget om belgiske Liège i 1914, skreiv Lasker at Liège er som feltet f5 for springaren, altså eit perfekt utgangspunkt for eit større åtak. «No får vi ope, livleg spel. Vi krigar som Steinitz!», skreiv han med referanse til den fyrste tyskspråklege verdsmeisteren. Lasker drøymde om siger i Verdun.

At fleire hundre tusen skulle mista livet i Verdun i 1916, kan ikkje universalgeniet Lasker ha skjøna. Han skreiv om lidingane som om det var bondeoffer på sjakkbrettet. Ein yngre tysk sjakkprofil, Friedrich Sämisch, vart sterkt skadd i Verdun og vart lappa saman av ein sjakkspelande kirurg. Sämisch fekk nok av Tyskland og drog ut i verda for å spela sjakk.

For patriotane og jødane Lasker og Tarrasch kom nedturen med Hitler i 1933. Tarrasch miste alt, vart ekskludert frå sjakkforbundet og døydde året etter. Lasker kom seg unna, fyrst til Moskva og seinare til USA. Han vende aldri attende til Tyskland. Men det gjorde Sämisch.

1. september 1939 (!) returnerte ein forvirra Sämisch til tysk jord. Kona hans var kommunist, noko som førte til mykje krangling. Sjølv sa han: «Om ein ikkje er jøde, kommunist eller Thomas Mann, er det trist å vera tyskar i eksil.» Så no skulle han underhalda tyske soldatar med sjakkspeling. I Praha sa han høgt på ein kafé: «Kva for ein kronidiot er Hitler som trur han kan vinna ein krig mot Russland?» «Snakk litt lægre, Gestapo er overalt», sa sidemannen. «Så du tykkjer ikkje han er fullstendig galen?», sa Sämisch like høgt, før han vart arrestert og hamna i konsentrasjonsleir.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement