Tankar i farten
Sigmund Freud la sjela vår under lupa.
Foto: Sigmund Freud Museum / AP Photo / NTB scanpix
Mennesket er eit vesen som tenkjer. Det tenkjer om verda omkring den verda det lever i. Og det tenkjer om seg sjølv og om seg sjølv i denne verda.
Mennesketanken er mektig. Han kan endre rammene for nye tankar, og han kan endre synet på verda mennesket lever i. Slik kan verda endre seg frå generasjon til generasjon, frå hundreår til hundreår, truleg til stor overrasking for verda, som mykje godt meiner ho blir verande den same.
Nicolaus Copernicus, med sin tanke, slo fast at jorda ikkje var sentrum i universet, ikkje eingong i solsystemet vårt. For jorda, og menneska der, var det ei degradering. Alt krinsa ikkje kring oss. Derimot var vi ein underordna materieklump blant mange andre.
Vi var ikkje så storarta som vi trudde, sa Copernicus.
Charles Darwin viste at det var utviklinga som hadde skapt oss. Og dermed var vi i slekt med kva som helst.
Vi var ikkje så eineståande og edle som vi trudde, sa Darwin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.