Talent er universelt
Alle sjakktrekka Tanitoluwa Adewumi spelar det neste året, vil verta analyserte med kritiske blikk. Den vesle guten må læra seg å ignorera oss vaksne og halda fast på gleda ved sjakken.
Faksimile frå New York Times
Den russiske stormeisteren og teoriguruen Aleksandr Khalifman sette ord på skepsisen fleire hadde til ein ung Magnus Carlsen i 2007: «Eit talent er eit talent – i Afrika eller i Noreg – men guten er jo heilt uskolert!» Men no kjem det godt nytt frå Afrika. I mai skal Carlsen og verdseliten spela ei turnering i Abidjan på Elfenbeinskysten. Og det store samtaleemnet i sjakkverda dei siste vekene er ein åtteåring frå Nigeria, Tanitoluwa Adewumi.
The New York Times publiserte ein gripande reportasje om guten den 16. mars i år. Han bur på Manhattan i lag med familien sin, som flykta frå terrorgruppa Boko Haram i 2017. Dei var heimlause, som mange andre flyktningar i nauda, då guten for litt over eitt år sidan lærte å spela sjakk på skulen han går på, P.S. 116. Tanitoluwa har hatt ein framgang som ingen andre born i New York, og eit par dagar før avisartikkelen vann han meisterskapen for staten New York i den yngste aldersgruppa.
Ingen stader er konkurransen hardare enn i New York, der skulesjakk er godt organisert på private eliteskular. Mange amerikanske stormeistrar lever av å undervisa dei rike borna. Men talent kan ein ikkje kjøpa for pengar – og viljen og energien til Tanitoluwa kompenserer for den dårlege starten han har fått i livet.
På eit par veker har han vorte stjerne, invitert på TV-show og heim til Clinton-familien. Tanitoluwa sjarmerer alle, og eit par millionar kroner har vorte samla inn til familien. Pengane har dei gjeve vidare til den lokale kyrkja. Tanitoluwa har takka nei til tre eliteskular og held fram på P.S. 116. I førre veke fekk familien gratis husvære.
Men eg ville ikkje skriva denne stubben før eg hadde sett han spela. No har eg fått tak i eit parti frå skulemeisterskapen. Tanitoluwa er eksepsjonelt god for alderen, men det er likevel nesten uendeleg langt fram. Han seier han skal verta den yngste stormeisteren i verda. For å koma dit må han elska sjakk med kvar hjernecelle ti timar i døgeret, kvar dag, dei neste fire åra. Det skal mykje til, men kan henda er sjakken byrjinga på eit godt liv.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»