Tala talar
Kongeleg proposisjon til lov om formannskap datert 1. mars 1836.
Foto: Odd Harald Kvammen / Stortingsarkivet
Dei formannskapslovene Stortinget vedtok i 1837 var eit av dei store spranga i utviklinga av det norske folkestyret. Kommunane, lokalsamfunna, fekk meir å seie i sakene som galdt folket der. Makta vart spreidd, saman med maktas tvilling, ansvaret.
Samfunnet og rammene var i endring. Nye oppgåver var i kjømda. Vegar måtte finnast. Og pengar.
Finnøy herad gav ut ei jubileumsbok til hundreårsjubileet for formannskapslovene. Der fortel dei korleis dei gjorde det på Finnøy.
To kommisjonar hadde kvart sitt hovudansvar: fattigkommisjonen og skulekommisjonen. Fattigkommisjonen løyvde pengar og legd til dei trengjande. Legdsystemet innebar at trengjande og hjelpelause vart plasserte rundt på gardane, ei tid her og ei tid der. Kommisjonen stelte med dette og plasserte folk ut. Nødvendige pengar skaffa kommisjonen ved å likne utgiftene ut på eige og inntekt i kommunen. Kommisjonens ansvar liknar vel litt på dagens sosialkontor, under heilt andre vilkår. Mellom anna hadde dei plassert ut ein gut på 17 år: «Skoleholderen skulde have ham under den nøiaktigste Opsikt at Drengen ikkje forfører og fordærver de andre Børn.»
Skulekommisjonen fastsette lærarløn og andre utgifter til skulen, og skaffa inntektene sine som fattigkommisjonen.
Budsjettoversikta fortel kva slag samfunn dei levde i, kva som hende og kva dei sleit med. Vi har tal frå 1881 og framover. Fram til første verdskrigen var Fattigkassa den største utgiftsposten. Så kjem skuleutgiftene sigande og dreg forbi. Enkelte år er skuleutgiftene tre gonger så store som fattigkassa. Utover 1920-åra var skulen i sterk vokster, og utgiftene auka sterkt. Denne auken avtok då trettiåra vart passerte, og i 1934–35, som er siste året boka har tal for, skyt fattigkassa ny fart og sig opp på sida av skulen med utgiftene sine. Dei harde trettiåra er komne. Og skatteinntektene går ned.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.