Sjakk

Tagnad og handtrykk

Anand gjev opp partiet med eit forhasta handtrykk mot ein fortumla Mamedjarov.
Anand gjev opp partiet med eit forhasta handtrykk mot ein fortumla Mamedjarov.
Publisert

Fysiske sjakkbrikker og sjakkspelarar har vorte ein anakronisme. Den absolutte tagnaden i eit sjakklokale og dei obligatoriske handtrykka før og etter parti fylgde meg i fire tiår fram til 2019.

Men i førre veke var eg på plass i Norway Chess i Stavanger. Den fyrste som rekkjer meg handa, er den sjakkinteresserte pensjonisten Øystein Olsen (70). Eg skvett til, for eg er ikkje van med slikt lenger, men handa hans er ei påminning om kva som ventar dei neste timane og dagane. Eg går inn i salen der dei ti spelarane sit. Carlsen spelar svart mot Tari, eit heilnorsk oppgjer.

Spelarane ansar ikkje dei få fysiske publikummarane. Ein forfattar på lynvitjing fylgjer partia utan å skjøna stort. Tagnaden gjer han uvel. Han kviskrar til sidemannen: «Du får tusen kroner om du kastar ein penn på Carlsen!» Nokre minutt seinare forsvinn dei.

Eg freistar tenkja som Carlsen. Eg kan ikkje ta fram mobiltelefonen, så eg må nytta mitt eige hovud. Nett når eg skjønar kva Carlsen vil spela, gjer han noko heilt anna. Tari svarer snøgt, og eg får på nytt høve til å måla meg mot Carlsen. Eg finn ein plan, som eg er godt nøgd med: Dronninga langt ut til venstre, vestover eller kva du vil. I det same flyttar Carlsen dronninga langt ut til høgre, eller austover om du vil. Eg forlèt lokalet.

Arrangøren ordnar ein sponsorbil, med sjakkmønster, attende til hotellet. Maxime Vachier-Lagrave (31) set seg framme, medan eg og den pensjonerte sentralbanksjefen set oss bak. Franskmannen er tagal. Han finn fram mobilen og sjekkar variantar frå partiet han nett har vunne mot Wesley So.

I hotellbaren finn eg berre éin sjakkspelar, aserbajdsjanaren Sjakhrijar Mamedjarov (37). Han sit åleine, tagal. Dagen etter, under hotellfrukosten, ser eg berre éin sjakkspelar, Vishy Anand (52). Indaren er fokusert på eggerøra. Han ligg på andreplass mellom Carlsen og Mamedjarov – som han skal møta i neste runde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement