Svimeslegen svimreskoltFolk har støtt slege kvarandre i svime. Dei har delja laus og sytt for at mottakaren har svima av eller jamvel dauda. Sviming og døying liknar på visse punkt, til dømes kan dei få folk til å deisa i golvet, men det er ein grunnleggja

Publisert

Folk har støtt slege kvarandre i svime. Dei har delja laus og sytt for at mottakaren har svima av eller jamvel dauda. Sviming og døying liknar på visse punkt, til dømes kan dei få folk til å deisa i golvet, men det er ein grunnleggjande skilnad mellom dei: I det fyrste tilfellet vert medvitet borte, i det andre tilfellet kverv sjølve livet. Ein annan skilnad er at folk flest berre døyr éin gong. Sviming er ikkje avgrensa på same måten, og det finst folk som går og svimar heile livet.

Mengda med svimeord er kanskje ikkje svimlande, men ho er imponerande nok: Svima, svime («i svime»), svimla, svimmel, svimra og svimren høyrer alle til den same ætta. Nokre av desse orda vart nytta i norrønt òg. Me kjenner seiemåtar som «ljósta í svíma» (‘slå i svime’) og «einhvern svimrar» (‘det svimrar for ein, ein vert svimmel’). Seinare har besvima òg vorte vanleg, og for mange er det eit svimeslag å møta dette låneordet i nynorske tekster.

Me har ei rad nemningar for det å svima av og vera svimmel, jamfør uvita, dåna, ørske, ør og hovudgalen (ofte uttala huugælen, huggærn). Desse orda er alle gode på sitt vis, men ingen av dei har ei so råkande grunntyding som svima, svimla osb. Opphavet deira skal vera ei indoeuropeisk rot som tyder ‘dreiing’. Det tek oss rett til kjernen i saka. Danske Matthias Moth (1649–1719) skriv i ordboka si at svime er «at være fortumled i hovedet at det er ligesom mand sâe at stuen løb om med en, at en [er] ferdig til at falde». Svimelse definerte han slik: «snurren i hovedet ligesom mand var rusende.» Stutt sagt: Det dreiar seg om dreiing, og det er difor me gjerne seier at det «går rundt» for oss.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement