Svenskegrensa
«Riksröse» 81A på grensa mellom Noreg og Sverige, nordvest for Lekvattnet i Värmland.
Foto: Wikipedia
På Jæren blir det fortalt om eit ektepar som levde svært utriveleg saman på garden sin. Til slutt flytte kona ut og bygde seg eit eige hus lenger nede på garden. Ein dag møtte grannen den konelause bonden og spurde korleis det gjekk med han og den nye grannen han hadde fått. «Ho var eit troll å vere gift med, men ho er blitt ein hentande god granne», var svaret han fekk.
Dette er kortversjonen om oss og dei svenske grannane våre.
Siste gongen soldatar kryssa den norsk-svenske grensa var i 1814, i samband med unionsinngangen. Sidan har det vore fred på denne grensa, i over 200 år. Vi skildest i 1905 utan at det vart løyst skot og utan at hærar marsjerte. Det skal vanskeleg gjerast å finne ei europeisk landegrense som har opplevd ein så lang fredsperiode.
Slik var det ikkje alltid. Som andre europeiske grenser er også grensa vår flytta på. Ved Kalmarunionen vart det forsøkt å avskaffe grensa. Det var mislukka.
Det var særleg Jämtland og Härjedalen som vart herja med. Härjedalen var under den norske krona frå år 1100, omtrent. Bispestolen var Nidaros. Jämtland vart norsk eit hundreår seinare. Så gjekk det litt fram og tilbake etter krigslukka. Ved freden i Roskilde i 1658 overtok svenskane Jämtland og Härjedalen, i tillegg til at dei fekk med seg Trøndelag og Nordmøre. Noreg vart delt på midten. Denne delinga varte ved til fredsavtalen i København i 1660. Då vart Trøndelag og Nordmøre atter norsk land, og Noreg var samla. I desse oppgjera vart Bohuslän, Skåne, Halland og Blekinge endeleg svensk, og Danmark var borte frå det svenske fastlandet. Det tok tid før freden la seg der.
Fred ved den norsk-svenske grensa vart det heller ikkje. Først då Karl XII var skoten ved Fredriksten i 1721, kunne freden leggje seg over landskapa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.