Frå historia
Svenskane i mellomalderen
«Carta marina», kartet Olaus Magnus teikna i 1539, er rekna som det fyrste nokolunde pålitelege kartet over Norden.
Den eldste skandinaviske historia held framleis på mange av løyndommane sine. Det gjekk lang tid før andre folk hadde noko å fortelje om forfedrane våre, der dei budde i kulden langt mot nord.
Pytheas frå Marseille skriv om eit landområde han nådde i ca 325 f.Kr., seks–sju dagsreiser nordover frå nordkysten av Britannia. Han kalla området Ultima Thule. Det er vanleg oppfatning at det er området mellom Trondheimsfjorden og polarsirkelen han har sett. Folket der levde av frukt og korn som dei treskte i låvar, fortel Pytheas. Nemninga blir brukt i antikken, om landa i nord, ei kald øydemark.
Den første europeiske historieskrivaren som tok for seg Skandinavia og Nord-Tyskland, var Adam frå Bremen, som skreiv på 1070-talet. Han skreiv eit stort verk om erkebiskopane i Bremen-Hamburg. Det er ei sentral kjelde til historia for dette området fram til hans eiga tid.
Adam frå Bremen veit mykje. Folka i nord sender bufeet sitt ut i øydemarka om sommaren, kan han fortelje. Det er nok seterdrifta han har høyrt om.
Sed og skikk er han opptatt av.
Sverige er eit fruktbart land, rikt på storfe, skogar og elvar. Svenskane manglar ingenting, men dei er likevel eit nøkternt folk, som ikkje bryr seg om gull, sølv, fine hestar og staselege klede. Alt dette, som skaper så mykje galskap fordi menneska etterstrevar det så sterkt, ser dei på som verdlaust.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.