«Sumars natt er inga natt», seier ordtaket. Og: «Midtsumars natt er berre kveld og morgon.» Vendinga «vera so ulike som natt og dag» vart nok ikkje skapt ei sumarnatt. Men no lengjest nettene att. Nokre tykkjer det er leitt, andre tek varmt imot dei timane med nattemørker dei kan få. Dei får ikkje nattero når det er ljost eller skumt ute. Og som mange av oss har røynt: «Den som ikkje har nattero, har ikkje dagen god.»
Natt (norr. nátt, nótt) er eit sterkt arveord som ikkje kjem til å endra seg over natta. Å tru at ord som svingar seg dag og natt, vert utslitne, er i alle fall heilt bort i natta. Bruken herder dei. Natt viser til den mørke delen av døgeret, og ordet kjem etter alt å døma frå ei rot som tyder ‘mørkna, verta natt’. Tysk Nacht og engelsk night er same ordet som vårt natt. Litt lenger ut i slektstreet finn me latin nox (‘natt’), som mellom anna har gjeve oss lånordet nokturne. Adjektivet nøktern (eig. ‘som hender tidleg om morgonen’, av lat. nocturnus ‘nattleg’) høyrer òg heime her. Ordet vart nytta om den fyrste klostergudstenesta om morgonen, som vart halden før folk hadde ete og drukke.
Nokre netter er årvisse og har eige namn, som jolenatta, nyårsnatta, jonsoknatta og valborgsnatta. Me har òg ord som viser til vêrtilhøve, jamfør godvêrsnatt, uvêrsnatt, frostnatt og tropenatt. Mest vidgjeten er kan henda bryllaupsnatta. Seiemåten «i natt» kan me bruka om ‘natta til i dag’ og ‘natta til i morgon’. «Til (el. åt) natta» viser berre til natta som kjem. Natta til i går vert gjerne kalla gårnatta eller førnatta, medan «ei natta» og «ei av nettene» viser til ei av dei siste nettene. Andre løysingar er «laurdagsnatta» og «natt til sundag».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.