Ord om språk

Svake sider

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Å gå inn i influensasesongen med svekt immunforsvar er ikkje noko særleg. Sant å seia er det å vera svakhelsa leitt året rundt. Ofte er det slitsamt, vondt og farleg i seg sjølv, og det hjelper ikkje at omverda dyrkar det sunne, friske og sterke og viser «forakt for svakheit», som det gjerne heiter.

Fekk bokmålsveldet overtaket på meg i ein svak augneblink der? Me har då eit framifrå ord som kan nyttast i staden for svakheit: veikskap. Veik er eit nedervt adjektiv (emne for spalta i nr. 44/2022) som tradisjonelt er rekna som betre nynorsk enn det lågtyske lånordet svak. Men slike rettleiingar står heller svakt i dag. Mange tykkjer det er sinnssvakt å råda folk frå å nytta eit ord som fell naturleg for dei.

Debattar om rett og godt mål er ikkje noko for nervesvake. Mellom deltakarane er det mange skarpingar som lett finn dei svake punkta i argumentasjonen din og den svakaste lekken i motstandarleiren. Men det er ikkje berre der temperaturen er høg. Folk er òg sterkt usamde i spørsmål som har med kjønn og likestilling å gjera, og då tenkjer eg ikkje på korleis språkbrukarane stiller seg til ordlaga «det svake kjønn» og «det sterke kjønn».

Svak heng etymologisk i hop med svinga og vingla. Det rimar bra, for me nyttar ofte svak om saker som er lite faste («eit svakt fundament»). Men svak kan målbera mangt anna òg, til dømes at noko har liten styrke («motoren var for svak»), lite makt og mynd («ei svak regjering»), er lite vellukka («svake resultat»), tynt eller utvatna («safta er svak») eller snautt merkande («ei svak lukt»).

Ulike stigmatiserte grupper har fått ordet svak klistra på seg (t.d. lesesvak, ressurssvak, svaksynt). Stigmaet knytt til ei gruppe set seg lett på orda som vert nytta om gruppa, og mange samansetjingar med svak er med tida vortne kasta på skraphaugen. Det er ikkje lenger gjengs å nytta sinnssvak og åndssvak om folk. Ordlaget «dei svake i samfunnet» kling ikkje godt, og «dei svakast stilte» er ikkje stort betre.

Eg er svak for sterke verb, men det verbet som høyrer til svak, er naturleg nok svakt (eller lint): svekkja. Det same gjeld verba som høyrer til veik: veikja og veikna. Sveklingar treng ikkje ha varig svekte eller veikte sjelsevner. Som regel er det musklane eller karakteren som er svak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement