Superheltar frå Kasakhstan
For Liana Tanzjarikova er alt mogleg.
Eg byrjar med Mannen. Nursultan Nazarbajev er ei gåve frå Gud til folket i Kasakhstan. I 30 år fekk dei ha han som president, men i mars abdiserte han, jamvel om han aldri har hatt nokre motkandidatar og alltid har fått over 90 prosent i politiske val. Russarane og Putin hyllar den store leiaren, og i heimlandet har ein som takk døypt om hovudstaden Astana til Nursultan.
I byrjinga av mars arrangerte Kasakhstan verdsmeisterskapen for landslag utan at Noreg var god nok for dette selskapet. Kasakhstan er eit stort og moderne land med ganske gode sjakktradisjonar. Den største stjerna er ei jente på 14 år, Bibisara Assaubajeva. Då ho var sju år, var ho ei særs lovande ballettdansar som mor si, Liana Tanzjarikova (den eigenlege Kvinna i historia mi), men så vart ho verdsmeister i sjakk. Meir gull skulle koma dei neste åra. Då jenta var 12 år gamal, vart familien lokka til Moskva med gratis husvære og trenarar.
I 2017 kom skandalen som delte russisk sjakk i to. Bibisara og mor hennar kjempa – no for Russland – om verdsmeistertittelen for jenter i Uruguay mot ei anna russisk jente, Jelizaveta Solozjenkina og far hennar, stormeister Jevgenij Solozjenkin. Dei to unge jentene var offer for den skitnaste kampen i nyare sjakkhistorie. Historia byrja då Jelizaveta følgde etter Bibisara inn på toalettet for å ta henne i juks. Historia enda halvanna år seinare i ein ankedomstol i Moskva. Stormeister Solozjenkin, som vann den fyrste rettssaka, vart no dømd for ærekrenking, og Tanzjarikova vart frikjend for organisert juks.
Mor og dotter drog så heim til Kasakhstan etter to år i Russland. Heile sjakkverda veit no at ein må respektera Tanzjarikova. Då det armenske landslaget var på veg heim frå Astana (no Nursultan) etter VM for lag, fekk ein spelar problem med utreisevisum og måtte vera attende på flyplassen. «Du må møta i retten i neste veke», var meldinga. Ingen kunne hjelpa den armenske stormeisteren i nauda. Det var då han i desperasjon ringde Superkvinna Tanzjarikova – og like etter var saka ute av verda.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.