Sukker

Ja til Sylvi i matfatet.

Mat eller dop? Nei då, det er berre sukkerkrystallar.
Mat eller dop? Nei då, det er berre sukkerkrystallar.
Publisert

«Det er ingen politisk oppgave å fortelle folk hva de skal og ikke skal», var om lag det fyrste Sylvi Listhaug sa etter at ho vart utnemnd til eldre- og folkehelseminister for eit par veker sidan.

Så. Sidan vi no har fått ein folkehelseminister som i det store og det heile ikkje vil gripe inn i folkehelsa, er det på tide å spørje: Kva skal Noreg med ein folkehelseminister?

Lat oss sjå på korleis sukker fungerer i hovudet vårt. Sukker er søtt. Når vi tar det i munnen, aktiverer det dei søte smaksreseptorane våre. Alle smaksreseptorane sender signal til hjernebarken, men ulike smakar set i gang ulike reaksjonar der oppe. Og sukker, ja, det får hjernebarken til å sette i gang ein belønningsreaksjon. Løna kjem i form av signalstoffet dopamin – det same stoffet som vert produsert når ein tek narkotika, drikk alkohol og gjer liknande skadelege, men akk, så behagelege ting.

Men mengda er langt frå den same. Vi kan ikkje seie at sukker gjer oss like avhengige som narkotika, men vi kan absolutt seie at hjernen er av vår største fiende i kampen mot overvekt og eit usunt kosthald.

Om vi til dømes et brokkoli, produserer ikkje hjernen dopamin i det heile. Og sjølv om eit nytt, spanande middagsmåltid kan utløyse dopaminproduksjon, vert denne produksjonen etter kvart svekt om du et same maten over tid. Dette gjeld stort sett all mat – bortsett frå sukker.

For billeg eller dyrt?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement