Frå historia

Stykkgodset

Eit containerskip siglar forbi Skålevik tankanlegg i Laksevåg utanfor Bergen i oktober i fjor.
Eit containerskip siglar forbi Skålevik tankanlegg i Laksevåg utanfor Bergen i oktober i fjor.
Publisert

Kring 1970 var eg næringslivsjournalist i NRK fjernsynet. Det lærte eg mykje av.

Eg ferdast i mange slag miljø, også blant skipsreiarar. Dei snakka mykje om store tankskip, større og større. Så snakka dei om bulkskip, som frakta romkrevjande varer i laus vekt, som korn, malm og kol. Og så snakka dei om linjeskip, som frakta stykkgods rundt på verdshava, eit slag rutetrafikk frå hamn til hamn. Stykkgods, det var litt av kvart, det eine og det andre, det marknaden spurde etter.

Stykkgods var ustandardisert og arbeidskrevjande last, som kravde individuell handsaming ved lasting og lossing. Hamnearbeidarane var ei stor og mektig yrkesgruppe.

Men det var ting på gang, sa reiarane. Det vart bygt nye skip, roll-on-roll-off-skip som dei vart kalla. Her kunne ein rulle det samansette stykkgodset, rasjonelt pakka og ordna, om bord i skipet og ut att når skipet var vel framme ved målet.

Lasting og lossing vart mykje enklare og billegare.

Det som skal til same adresse, hamner i same containeren, same kva det er. Det vart enklare i hamnene. Og jobbane der vart borte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement