Stuttorvet
Stuttorvet er ikkje mykje i bruk lenger, men då dronning Sonja opna Norsk Fjordsenter i Geiranger i 2002, var det reiskapen ho nytta.
Foto: Knut Fjeldstad / NTB scanpix
Å skaffe mat har vore eit overordna problem i all historie. Å ha mat nok er ingen normalsituasjon i historia. Hunger, uår, frost eller tørke har alltid lege på lur.
I det siste danske historieverket skriv ein historikar om vår tid. Vi er den første generasjonen som har greidd å halde svolten borte frå dansk jord, skriv han.
Maten er oppsamla solenergi, bunden i plantane gjennom fotosyntesen. Ein del av maten kan gå rett på matbordet, medan andre delar må foredlast gjennom ulike dyr og serverast som mjølk og kjøt. Desse dyra kan ta inn mat og vokstrar vi menneske ikkje har mage til å nytte.
Og denne maten må dei få, også i eit vinterland som vårt der naturen kviler store delar av året og har lite dyremat å by på. Det må skaffast mat for vinteren, vinterfôr, og fôrhausting er ein sentral del av jordbruket i våre klimasoner. Her nytta ein det som var lokalt tilgjengeleg, lauv der det var godt om lauvskog, mose der det fanst, og fisk på kysten.
Men hovudfôret var nok likevel gras, villgras der det voks. Kulturgras som timotei og raigras kom seint inn i historia.
Dette villgraset voks kvar som helst, på myrar, mellom steinar og store trestubbar. Bonden kunne ikkje fjerne desse, det hadde han ikkje teknologi til. Steinbukken lét vente lenge på seg, og dei store jorddyrkingsmaskinane er eit moderne innslag i jordbruket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.