Ord om språk
Stryking mot håra
Teikning: May Linn Clement
Både i dalstroka og kyststroka våre er det slutt på kakstrykinga, og unge folk nyttar strykejarnet sjeldnare enn generasjonane føre gjorde. Men fossar og stryk finst framleis, og folk stryk til eksamen og stryk krem og glasur over kakene sine. Slik sett går det strykande med strykinga. Ja, dette er ei stroken ordgruppe!
Kak i kakstryking er vel å merka noko anna enn kake. Truleg kjem det frå lågtysk kak (‘påle’). Det vart nytta om stolpen der ein feste brotsmenn som skulle piskast offentleg. Ordet hudstryka må òg nemnast. Alt i norrønt vart det nytta om å ‘piska til blods’.
Det kan synast underleg at stryka vert nytta om slik valdsferd. Er ikkje stryking å fara laust over med handa eller gnida lett, som når me stryk nokon på kinnet eller stryk (bogen) på fela? Eller når katta stryk seg innåt leggen og ballen stryk tverrliggjaren? Å stryka mot håra er tyngre enn å stryka med håra, men skadeleg er det no ikkje.
Om me skal tru Bjorvand og Lindeman i Våre arveord (2019), heng stryka i hop med ei rad indoeuropeiske ord som tyder ‘høvla’ eller ‘skava’. Grunntydinga til stryka er uviss, men det er eit mønster her: Mange av tydingane går ut på at ei overflate rører ved ei anna, stundom på ein slik måte at den eine overflata endrar seg. Ei stroken skei sukker er mestsom ei skei sukker der toppen er «høvla» bort.
Stryka tyder mykje det same i dag som i norrønt. Då som no nytta dei ordet om å ‘gnika, klappa’, ‘glatta, jamna’ (t.d. klede), ‘riva, ta bort’ («stryka av seg lua»), ‘kvessa’ (t.d. kniven), ‘dengja’ (jf. òg «få stryk») og ‘fara snøgt, setja av stad, forsvinna’ (t.d. «stryka på dør», «stryka sin kos», «stryka med», landstrykar). Nyare tydingar er ‘fira, minka’, til dømes «stryka flagget» (som teikn på at ein gjev opp).
Ikkje minst har stryka vore nytta om å ‘forsyna med strek’. Med eit pennestrok kan me sletta ut, sløyfa eller markera noko (jf. «stryka over», «stryka ut», «einstroken a», «stryka seg av lista»). Tydinga ‘ikkje (la) stå (til eksamen)’ høyrer òg til her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.