Sport før og no
Strekblinde elevar
Nyare idrettar som pickleball og andre gymaktivitetar lagar strekkaos i fleirbrukshallen.
Foto: Maren Bø
I motsetnad til interiøret i både heimar, kontor, treningssenter og leike- og treningsparkar er interiøret i gymsalen konservativt. Ekstremt lite av inventaret har endra seg. Ribbeveggen er lik, det same er bukken og tjukkasen.
Men noko har skjedd med parketten.
På golvet kryr det av strekar i alle moglege fargar. I nokre salar så mange at sjølv ein kroppsøvingslærar slit med å vite kva dei eigentleg skal brukast til. Det er merkt opp for basketball, handball, volleyball og innebandy, men så blir det vanskelegare.
Det finst heller ikkje ein nasjonal fargestandard for strekane. I gymsalen eg jobba i før, teipa vi opp våre eigne strekar etter behov.
Kulturdepartementet har riktignok ei rettleiing som sørger for noko stabilitet. Tilrådinga er at handballstrekane skal vere gule, basketball kvite, volleyball blå, badminton svarte, innebandy oransje og tennislinjene kvite. Dei strekane som skal liggje øvst, er dei som sannsynlegvis vil brukast mest. Til slutt tilrår guiden å ikkje merke opp for mange idrettar – det skaper berre forvirring.
Akkurat her synest eg dagens fleirbrukshallar sviktar litt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.