Ord om språk
Stramme taumar
Når tidsskjemaet er stramt, hjelper det ikkje å stramma beltet. Eller gjer det det? Ordlaget «stramma seg opp» vert stundom nytta om å ta seg saman, og dersom du har røynt at stramming i livet skjerper konsentrasjonen og får opp arbeidstempoet, er det berre å stramma til.
Det som er stramt, er alt anna enn laust og slapt og romsleg. Her finst stramtsitjande klede, stramme budsjett og stramt komponerte noveller. Musklar og andre delar av lekamen strammar seg òg. Ein kan ha eit stramt drag om munnen eller vera stram i maska, og stundom kjenner ein at det strammar seg i halsen, magen eller bringa. Ordlaget «stramma (eller spenna) inn livreima» vert gjerne nytta om å leva meir nøysamt.
Sjølve ordet stram er kome til oss frå lågtysk. Bakgrunnen elles veit me lite om, men eit framlegg er at stram heng i hop med substantivet streng (‘utspent snor el. metalltråd’) og adjektivet streng (‘hard, nådelaus’). Andre moglege slektningar er norsk stremben (‘oppblåsen i magen’) og islandsk strembinn (‘tung å melta; vanskeleg’).
Om me skal tru Aasen i Norsk Ordbog, var verbet stramma lite i bruk i målføra på 1800-talet. Dessutan heitte det ikkje stramma i landsmålet, men strama. Regelen då var at stram og strama vart skrivne med éin m heile vegen, til dømes «køyra med strame taumar» og «det stramar seg til» (sameleis «gå på romet ditt», «eg tømer ut mjølka» ofl.).
Med samnorskpolitikken kom skrivemåtane med to m-ar inn (i lag med andre doble konsonantar, t.d. venn attåt ven). Ein del av formene med éin m hamna i klammer. Då nynorsknorma skulle strammast inn i 2012, vart mange av dei kasta ut. Om du tviheld på former som oppstraming, kan det henda at nokon gjev deg ein oppstrammar!
Stram vert ofte henta fram ved synet av velflidde og stilige folk: «Du vart stram i uniform!» «Slik ein stram fyr!» Me kan ha stramt oppsett hår og slips med stram knute, men me skal helst ikkje lukta stramt av sveitte. Kroppshaldninga og åtferda kan òg vera stram, som når me talar om stramme offiserar. I ordlaget «gjera stram honnør» målber stram at rørsla er fast og korrekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.