Stram i maskaAndletet er den delen av kroppen som plar stå som representant for heilskapen. Dersom du spør korleis oldemor mi såg ut, og eg viser deg eit bilete av baksida hennar eller kroppen frå halsen og ned, kjem du til å sjå rart på meg og spørja: «Me
Andletet er den delen av kroppen som plar stå som representant for heilskapen. Dersom du spør korleis oldemor mi såg ut, og eg viser deg eit bilete av baksida hennar eller kroppen frå halsen og ned, kjem du til å sjå rart på meg og spørja: «Men korleis såg ho ut?» Om eg derimot viser deg eit bilete av berre andletet hennar, ingenting anna, kjem du til å verta nøgd. Ja, med mindre oldemor er maskert, då.
Masker og andre former for maskering har folk hatt nytte og glede av lenge. Ei maske kan gjeva beraren ein annan utsjånad, ho kan symbolisera noko (t.d. heilage vesen) eller verna luftvegane og andre delar av andletet (jf. støvmaske, dukkarmaske, gassmaske). Opphavet til ordet maske er meir uvisst. Ordet skal ha kome inn i nordisk gjennom tysk Maske, frå fransk masque, italiensk maschera og mellomalderlatin masca, men so byrjar spora å kverva. Ein teori er at masca kjem av arabisk maskhara (‘narr, artist, klovn’). Maske er i alle fall i ætt med ord som maskera, maskerade og sminkenamnet maskara. Merk òg at maske (‘kunstig andletsform’) er eit låneord som ikkje må blandast i hop med arveordet moske/maske (‘garnlykkje’, av norrønt möskvi).
På maskerade eller maskeball spelar maskene ei viktig rolle, men det gjeld å velja rett maske for høvet. Det er ikkje heilt bra å dukka opp med slaktemaske, dødsmaske eller ei av desse andletsmaskene som skal gjera underverk for huda. Dersom det vert tett og varmt i lokalet, kan kanskje ei oksygenmaske vera god å ha. Mindre tenleg er det å maskera seg med maskeringsteip. Verbet maskera kan me bruka om å ‘ha på maske, sminke; kleda ut’, jamfør «maskerte bandittar». Men me kan òg bruka det om å dekkja og løyna i vid tyding: «Eg maskerte listene med teip.» «Makta må maskera seg.» «Viruset er maskert.» (Symptoma er vanskelege å oppdaga, viruset er noko anna enn det gjev seg ut for å vera.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.