Stort og smått
Voyager 2 på veg til å vitje Jupiter og Saturn i 1977.
Foto: Jim Bourdier / AP / NTB scanpix
Då dei greske naturfilosofane, Thales og dei andre, starta den europeiske naturvitskapen for 2500 år sidan, var dei opptekne av det dei såg og hadde rundt seg, naturen i ulike former, som dei prøvde å forstå og forklare. Utgangspunktet var den informasjonen sanseapparatet deira gav tilgang til. Det var deira avgrensing.
Hjelperåder var det lite av.
På Platons akademi var det elevar som studerte matematikk. Han bad dei prøve å finne ut om det fanst matematiske lover for korleis stjernene farta rundt på himmelen. Slike lover fanst, slo dei fast, og så var matematikken, ein svært teoretisk vitskap, introdusert i astronomien. Og dette hjelperådet løfta gresk astronomi til eit heilt nytt nivå.
Eit par tusenår seinare kom hollandske optikarar med kikkerten og mikroskopet, og verda, med stort og smått, vart langt meir tilgjengeleg for menneskets sanseapparat.
Matematikken og kikkertobservasjonane skapte ny kunnskap. Newton avdekte og lovfesta gravitasjonen, denne mystiske krafta som held orden i universet. Dansken Ole Rømer målte lysfarten og laga ei ny måleeining for dei enorme avstandane i universet: lysåret.
I dag har vitskapsmennene eit rikt utval av hjelperåder. Det gjer at mykje vitskap i dag arbeider med ting ikkje noko menneske har sett. Vi veit mykje om universet, trass i at ingen enno har vore der ute. I universet er månen berre eit jordisk anneks.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.