Stormaktsfakter
Den 6. mars 2007 feira ghanesarar at det var 50 år sidan Ghana vart frigjort.
Foto: Olivier Asselin / AP / NTB scanpix
Rundt år 1500 vart det europeiske verdsbiletet sprengt. Europa oppdaga verda utanfor Europa, og verda utanfor Europa oppdaga europearane.
I 1482 lukkast Bartholomeu Diaz med å segle rundt Afrika i sør. Sjøvegen til India var opna. Ti år seinare segla Christopher Columbus over Atlanteren og fann det som skulle bli Amerika. Og knapt 30 år deretter gjorde Ferdinand Magellan den første jordomseglinga.
For europearane, med sin økonomi, sin teknologi og sine våpen, låg den nyoppdaga verda forsvarslaus, open og tilgjengeleg. Det var berre å ta for seg. Og det vart gjort.
Sjømaktene Portugal og Spania var først ute, men andre statar, som Holland, England og Frankrike, kom snart etter.
Sverige var på den tida ei europeisk stormakt som ville ha sin del av dei nyoppdaga rikdommane. I 1638 kjøpte Sverige eit seks mil langt område på begge sider av Delaware-elva frå indianarane som budde der, sør for dagens Philadelphia. Området fekk namnet Nya Sverige.
For fattigfolk i Sverige/Finland, som då var éin stat, var Nya Sverige ein draum om eit betre liv. Mange selde det vesle dei hadde, hus og dyr, for å kome av stad. Skipskapasiteten var avgrensa, og mange som møtte opp ved båten, måtte snu og reise heim til den gamle fattigdommen, som no var blitt endå tyngre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.