Stiv av skrekkDen som er både stivnakka og stiv i nakken, har det ikkje lett. Men det er heller ingen spøk å gå med for stive ski i stiv kuling. Då kan du verta stiv og støl og stivfrosen attpå. Nei, det er betre å vera stivpynta og eta stivpiska krem!
Den som er både stivnakka og stiv i nakken, har det ikkje lett. Men det er heller ingen spøk å gå med for stive ski i stiv kuling. Då kan du verta stiv og støl og stivfrosen attpå. Nei, det er betre å vera stivpynta og eta stivpiska krem!
Men no held det på å glida heilt ut her – me får stiva oss opp med litt ordhistorie. Stiv er eit låneord, men det har vore med oss so lenge at det er oppført i Våre arveord av Bjorvand og Lindeman. Der kan me lesa at vårt stiv – til liks med dansk stiv og svensk styv – er lånt frå lågtysk stif. Andre former av same ordet er engelsk stiff og tysk steif. I norrønt finn me ikkje dette adjektivet, men me finn det avleidde substantivet stífla (‘demning’) og verbet stífla (‘stemma, demma opp’). Alle desse orda kjem truleg av ei indoeuropeisk rot med grunntydinga ‘verta fast, stiv’. Men kva er stivleik for noko?
I utgangspunktet tyder stiv ‘ubøyeleg eller lite bøyeleg’. Me kan kjøpa bøker med stive permar, gå med stiveskaut eller stiv snipp og ha ein stiv fot. Men me kan òg bruka stiv om ting og fenomen som ikkje kan eller skal bøyast i vanleg meining. Når me seier at fløyten vert stiv, meiner me at han vert tjukk og fast. Og når me seier at det blæs stivt og at prisane og drammane er stive, nyttar me stiv til å målbera at noko er hardt, sterkt, kraftig og drygt. Den som er stiv i engelsk, har solide kunnskapar om målet. Og den som «held på stivare og verre», gyv på med full styrke eller går for full maskin. Med andre ord: Det stive er alt anna enn mjukt, veikt, mildt og smått.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.