JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Stiv av skrekk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2363
20180316
2363
20180316

Den som er både stivnakka og stiv i nakken, har det ikkje lett. Men det er heller ingen spøk å gå med for stive ski i stiv kuling. Då kan du verta stiv og støl og stivfrosen attpå. Nei, det er betre å vera stivpynta og eta stivpiska krem!

Men no held det på å glida heilt ut her – me får stiva oss opp med litt ordhistorie. Stiv er eit låneord, men det har vore med oss so lenge at det er oppført i Våre arveord av Bjorvand og Lindeman. Der kan me lesa at vårt stiv – til liks med dansk stiv og svensk styv – er lånt frå lågtysk stif. Andre former av same ordet er engelsk stiff og tysk steif. I norrønt finn me ikkje dette adjektivet, men me finn det avleidde substantivet stífla (‘demning’) og verbet stífla (‘stemma, demma opp’). Alle desse orda kjem truleg av ei indoeuropeisk rot med grunntydinga ‘verta fast, stiv’. Men kva er stivleik for noko?

I utgangspunktet tyder stiv ‘ubøyeleg eller lite bøyeleg’. Me kan kjøpa bøker med stive permar, gå med stiveskaut eller stiv snipp og ha ein stiv fot. Men me kan òg bruka stiv om ting og fenomen som ikkje kan eller skal bøyast i vanleg meining. Når me seier at fløyten vert stiv, meiner me at han vert tjukk og fast. Og når me seier at det blæs stivt og at prisane og drammane er stive, nyttar me stiv til å målbera at noko er hardt, sterkt, kraftig og drygt. Den som er stiv i engelsk, har solide kunnskapar om målet. Og den som «held på stivare og verre», gyv på med full styrke eller går for full maskin. Med andre ord: Det stive er alt anna enn mjukt, veikt, mildt og smått.

Sameleis er stiv åtferd det motsette av laus, ledig og likefram åtferd. Den som helsar og smiler stivt, ter seg ufritt eller tilgjort. Merk elles at det er stor skilnad mellom å vera stivnakka (strid og sta), stivnasa (sjølvgod) og stivøyrd (svært merksam, som lyder merksamt). Du kan òg vera stivøygd og sjå stivt på noko eller nokon. Men om du stivstirer på einkvan i fire stive timar, kan det henda at nokon grip inn, og då tykkjer du kanskje at dei held seg med eit stivbeint regelverk. Me kan i alle fall slå fast at språket har eit høgt stive- eller stivelsesinnhald: Her kan me symja i avstiving, oppstiving og anna stiving til stivkrampen tek oss. Men ordet stiv stivnar ikkje. Det smyg og smett inn i setningane våre.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis