StikkprøverDu kan stikka deg fram og stikka deg bort, men kan du stikka fingeren i jorda samstundes som du spelar stikkball? Og når me seier at noko ikkje skal stikkast under stol, so stikk det vel noko under? Me kan i alle fall stikka hovuda saman og prøv
Du kan stikka deg fram og stikka deg bort, men kan du stikka fingeren i jorda samstundes som du spelar stikkball? Og når me seier at noko ikkje skal stikkast under stol, so stikk det vel noko under? Me kan i alle fall stikka hovuda saman og prøva å finna ut kva stungen d har med saka å gjera.
Kvass er eit viktig stikkord: Verbet stikka har hovudtydinga ‘føra kvass reiskap inn i noko(n)’. Me menneske kan stikka med kniv, dolk, sverd og dilikt, medan mange insekt har innebygde stikkvåpen. Det me stikk med, må vera tolleg kvast og hardt: Det er vanskeleg å stikka nokon med ein murstein eller ein sokk. Den eldre forma stinga (norr. stinga) er framleis i bruk, men preteritumsforma stakk og tyske og nederlandske former (t.d. steken) har gjeve k-en gode kår, og stikka er no det vanlege. Norrønt stinga og vårt stikka har mykje sams likevel. Alt i mellomalderen kunne folk tala om å stikka av («stinga af»). Partisippet stunginn(av stinga) tyder ‘stukken, punktert’ og ‘merkt’. Ein stungen d er ein stukken d – ein d med merke.
Mange av slektningane til stikka kjem frå latin, til dømes distinkt (jf. verbet distingvera, eig. ‘stikka, prikka’) og stimulera (eig. ‘driva hest frametter ved å stikka han med piggstav’). Me har mange heimlege ord å velja mellom òg. Stikk og sting tyder mykje det same, men når me talar om stikkande smerte innvendes, grip me gjerne til sting: «Eg har sting i sida.» Substantivet stikke plar me bruka om granne (tre)stykke, og her finst både fyrstikker, trommestikker og høve til å «kasta på stikka». Om du skal kunngjera noko, kan du senda ut ei stikke som folk ber frå gard til gard – ei bodstikke. Opphavleg var bodstikka ein stav av tre eller jarn. Seinare vart ho ei hylse som avsendaren kunne leggja skriftlege meldingar i.
So har me det mangslungne ordet stikk: Det kan mellom anna visa til knutar (halvstikk), gravering (koparstikk) og kortspel («ta siste stikket»). Vendinga «halda stikk» er lånt frå tysk og kan opphavleg ha vorte nytta om stoff som ikkje gjev etter når du syr i det. Me kan elles bruka stikka om å føra og fara: «Ho stakk til meg ein tiar.» «Me stikk innom i kveld.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.