Språk

Sterke saker

Publisert Sist oppdatert

Me kunne lett ha skrive eit bandsterkt verk om ordet sterk og bruken av det. Etter alt å døma hadde det vorte eit verk med mange sterke scener og sterke ord, so det hadde nok høvt best for nervesterke lesarar.

Her lyt me nøya oss med ein sterkt nedskoren versjon. Det stutte treng ikkje vera veikare enn det lange, jamfør ordtaket: «Stutt og tjukt er sterkast.» Då er det berre rimeleg at nokre av dei sterke verba våre er heller stutte, som , , sjå og stå.

Som me skjønar, er sterk eit mangslunge adjektiv. Dei ymse formene av verbet kan me kløyva i to flokkar. I den eine flokken har me formene med e (stundom skrive og uttala æ), som norrønt sterkr, islandsk og færøysk sterkur, dansk stærk og vårt sterk. I den andre flokken har me formene med a, som norrønt starkr (‘sterk (av helse)’), svensk stark, engelsk stark (‘stiv; skarp, krass; berr’) og tysk stark (‘sterk, kraftig’). Grunntydinga til sterk skal vera ‘stiv, fast’. Ordet er i ætt med fuglenamnet stork, som truleg viser til den stive, styltrande gangen til fuglen. Andre nærskylde ord er storkna (‘verta fast, stiv; verta einsynt’), styrke og styrkja.

Om me vil målbera kor sterke me er, kan me nytta samansetjingar som bælsterk, jamsterk, knallsterk, ovsterk og råsterk. Om me derimot vil få fram kvar eller på kva måte me er sterke, kan me seia armsterk, helsesterk (el. sterkhelsa), hugsterk, pengesterk, spurtsterk, viljesterk og so bortetter. Dei som ikkje er nøgde med armstyrken sin, kan byrja med styrketrening eller få tak i ein slik styrkedrikk som etter folketrua gjer drikkaren uhorveleg sterk på null komma niks. Nokre likar å styrkja seg på krutsterk kaffi eller endå sterkare saker, men det er ikkje mykje styrke i militære styrkar som har fått i seg for mykje sterkt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement