«Fyrste steget kostar mest», seier ordtaket. Me veit godt kvifor det er slik: Det fyrste steget set oss i rørsle. Ofte verkar det tryggast å stå i ro på ein kjend stad, men stillstand kan vera ulagleg, i alle fall om stillstanden varer lenge. Difor er me stundom nøydde til å våga oss utpå, ta det fyrste steget – og vonleg er det eit steg i rett lei. Dette steget kan vera fysisk eller biletleg: Me kan til dømes sitja i ro på ein stol i eit møterom og ta det fyrste steget på vegen fram mot eitkvart.
Substantivet steg heng i hop med verbet stiga. Aasen valde å skriva dette substantivet med i (stig) som i norrønt, og ein av føremonene med den løysinga er at samanhengen mellom stiga og dei nærskylde substantiva kjem tydeleg fram: stig («ta lange stig»), stige (t.d. brannstige) og stig (t.d. skogstig, krøterstig). Sant å seia høyrer namna Stian og Stig heime her òg, for båe kjem av stiga. I alle fall meiner nokre at det var eit feilsteg å gå frå stig til steg, medan andre tykkjer at endringa var eit framsteg. I talemåla finn me former som stik, sti, stæg, stei og steig attåt stig og steg.
Midtpunktet i denne ordflokken, stiga, er eit gamalt verb som framleis svingar seg i ei rad germanske mål (t.d. islandsk stíga, dansk stige, tysk steigen). Som regel vert det nytta i tydingane ‘gå, skrida; røra seg oppetter’. Me kan stiga inn hjå nokon, stiga av og på hesten, stiga om bord i eit fly og stiga over ei hindring – og stundom oppdagar me at hindringa er uoverstigeleg. Prisar, vatn, lende og temperatur kan stiga, og dersom me treng å koma oss opp i høgda, kan me kliva i ein stige. Men det gjeld å ikkje stå nedst på rangstigen. I grunnen er det ikkje heilt bra å stå øvst heller, for som ordtaket seier: «Di høgre steg, di større fall.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.