Statistikk og kjønnKva er løyndomen til den ungarske ? Psykologen publiserte for 50 år sidan ei bok

Monika Machlik (20) rundar målvakta frå Island, ein sjakkspelar med bakgrunn som handballkeeper. Den nederlandske forsvararen Loek van Wely (45), ein gong på topp ti i sjakkverda, må konstatera at han er lurt trill rundt.
Monika Machlik (20) rundar målvakta frå Island, ein sjakkspelar med bakgrunn som handballkeeper. Den nederlandske forsvararen Loek van Wely (45), ein gong på topp ti i sjakkverda, må konstatera at han er lurt trill rundt.
Publisert

Kva er løyndomen til den ungarske genbanken? Psykologen László Polgár publiserte for 50 år sidan ei bok Å fostra eit geni. Problemet var at han ikkje hadde born han kunne testa ut teorien sin på. «Ein er ikkje fødd med talent, all suksess kjem frå hardt arbeid utan omsyn til kjønn», meinte Polgár. Han kontakta ei ukrainsk kvinne, Klara, og spurde om ho ville vera med på eksperimentet hans. Ho sa ja og fødde tre døtrer som alle fekk strukturert heimeundervisning langt borte frå offentleg skule.

Historia deira er ei av dei mest utrulege i sjakkverda. Den yngste dottera, Judit Polgár, er den beste kvinna i sjakkhistoria og har slege alle dei beste mannfolka. Den eldste dottera, Susan, vart verdsmeister for kvinner. Eksperimentet har revolusjonert synet på kvinner i sjakk, men det er eit metodologisk problem: Psykologen frå Ungarn hadde ingen søner i ei kontrollgruppe.

Lukkelegvis finn vi det vi er ute etter i Tromsø, der ein ungarsk mann og ei norsk kvinne har fått fire born – to gutar og to tvillingjenter, som alle har satsa på sjakken gjennom mellom anna sjakklina på toppidrettsgymnaset. Så kven er best i Machlik-familien? Dei fire er ganske jamne på ratinglista, men yngstebror ligg litt føre dei to jentene, medan eldstebror er nummer fire. Så statistisk-biologisk har jenter og gutar dei same føresetnadane i sjakk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement