Ord om språk
Standhaftig husstand
Stand held stand som berre det. Men endå stand står støtt, kan me ikkje seia at tilværet til stand er prega av stillstand. Tvert imot: Stand reiser standsmessig gjennom målet vårt og steller i stand litt av kvart. Kor mange sivilstandar har me, til dømes? Og er adelsstanden i stand til å stå på stand?
Det sistnemnde ordet vert ofte uttala stænd, som på engelsk, medan me elles seier stann, stand og liknande. Bøyinga ymsar òg. I nokre tilfelle kan stand få formene stender og stendene i fleirtal («dei fire stendene»). Andre gonger bøyer me det som eit vanleg hankjønnsord. Me talar om lovlause tilstandar og store avstandar, ikkje lovlause tilstender og store avstender. Tyder det at stand ikkje er eitt ord, men mange?
Her finst det ulike standpunkt. Strengt teke er alt same ordet, men vårt stand er likevel ei samansett sak, laga av vyrke som har kome rekande frå ulike kantar. Mange ordbøker skil mellom stand i tydinga ‘det å stå; skipnad; livsvilkår, stilling osb.’ (påverka av tysk, normert som regelrett hankjønnsord), stand i tydinga ‘utstillings- og informasjonsplass’ (frå engelsk, hankjønnsord) og stand i tydinga ‘samfunnsgruppe, yrkesgruppe’ (frå tysk, hankjønn el. inkjekjønn, fleirtal stender – stendene el. stand – standa).
Stand er eit ord av høg stand, for det heng i hop med det sterke og standhaftige verbet stå (el. standa). Orda og vendingane med stand plar visa til det å stå, anten i bokstavleg eller biletleg meining. Nokre hundar vert ståande («får, har el. tek stand») når dei vêrar vilt. Når vatnet står høgt, kan me tala om høg vasstand. Motstand er å (freista å) stå imot, og avstand har grunntydinga ‘det å stå langt unna (noko)’. Tilstand er noko anna enn tilståing, men før i verda kunne tilstå tyda ‘te seg, vera’, og det er den tydinga som ligg til grunn for tilstand.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.