JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sprit i sjakken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Carlsen med promille mot Gelfand i 30. og siste runde.

2342
20201113
2342
20201113

Ei ung kvinne, Beth Harmon, skyl ned piller og alkohol på hotellrommet før sjakkpartiet mot verdsmeisteren. Kan ein førebu seg såleis? Nei, det er berre ein TV-serie basert på romanen Dronninggambit.

Rett nok, Aleksandr Alekhin drakk under VM-kampen som han sensasjonelt tapte mot Max Euwe i 1935. Og Mikhail Tal (verdsmeister i 1960) drakk tett heile livet, før og etter sjakkparti. Men det var vel ikkje spriten som gjorde han så god?

Sportsmannen Magnus Carlsen tok ei prinsipiell avgjerd for to år sidan. Han vart fråhaldsmann og rører ikkje lenger alkohol. Resultata på sjakkbrettet har vore betre enn nokon gong, men dei var jo ganske gode før òg. I podkasten «Må på behandling» førre veke fortalde Carlsen ei historie til komikaren Morten Ramm. Vi skal til lynsjakk-VM i Astana, hovudstaden i Kasakhstan, i 2012. Unge Carlsen er nummer éin på verdsrankinga, medan Anand framleis er klassisk verdsmeister. I lynsjakk er Carlsen, som alltid, favoritt.

Nordmannen spelar ynkeleg. Motstandarane skjønar ikkje noko. Etter 22 av 30 rundar ligg ein pottesur Carlsen fire poeng bak leiaren, langt nede på listene. Han spring opp på hotellrommet. Det er 15 minutt til neste parti. Han opnar minibaren og drikk så mykje han rekk frå vodkaflaska. Han spring attende til spelesalen.

Carlsen vinn lett mot den gamle FIDE-verdsmeisteren Topalov. «Kvifor er han så blid? Kvifor spelar han så snøgt?» tenkjar motstandarane. Carlsen slår vietnamesaren Le, som vann lynsjakk-VM året etter. Og historia gjentek seg mot leiaren Grisjtsjuk frå Russland. Mot aserbajdsjanaren Radzjabov (topp 5 i verda) byrjar Carlsen med tårnbonden to steg fram (1.a4). Det er galskap, men Carlsen vinn på ny. Innimellom dei store kanonane vinn han like lett mot to lokale stormeistrar. Og i dei to siste rundane slår han Karjakin, som hadde vunne hurtigsjakk-VM nokre dagar tidlegare med ein magesjuk Carlsen på sølvplass, og Gelfand, som same år utfordra Anand i ein VM-kamp.

Den «nye» Carlsen vinn alt som er, åtte parti på rad, og endar opp på sølvplass, berre eit halvt poeng bak vinnaren Aleksandr Grisjtsjuk. «Eg kjende meg som Gud når eg dunka brikkene på brettet», seier Carlsen i dag. «Men no ser eg at nivået på partia er lægre enn eg trudde. Det viktigaste var den psykologiske effekten».

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis