Springmarsj med sidesprangÅ køyra springkniven i ein springmadrass kan vera moro nok, men mange finn meir glede i å dansa springar. Å springa frå sin argaste konkurrent er òg tilfredsstillande, spesielt når konkurrenten har hatt eit stort forsprang på deg.

Publisert

Å køyra springkniven i ein springmadrass kan vera moro nok, men mange finn meir glede i å dansa springar. Å springa frå sin argaste konkurrent er òg tilfredsstillande, spesielt når konkurrenten har hatt eit stort forsprang på deg. Og det er vel ikkje so verst å fukta strupen med kaldt springvatn?

Springa (norr. springa) kjem av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘røra seg, hasta’. Av den same rota kjem det engelske verbet spring (‘skyta fram eller ut; gro, falda seg ut; hoppa; få til å bresta’ osb.) og årstidsnemninga spring (‘vår’). Me òg kan bruka springa om spiring og spretting, jamfør «springa ut i fullt flor», «rosa er sprungen». Springa er elles i ætt med sprengja, og desse to orda utfyller kvarandre fint. Springa kan mellom anna tyda ‘bresta, rivna’ (t.d. «båten sprang lek», «blodåra sprang»), og sprengja tyder ‘få til å bresta, rivna’ (t.d. «sprengja seg fram», «sprengja noko i lufta»). Seiemåten «sprengja seg» kan brukast om folk som tek for hardt i, men me kan òg bruka «sprengja seg» om nokon som fyller vomma til brestepunktet. I «Tåtten om Snegle-Halle» seier Halle at han ikkje vil «sprengja seg med graut», men at kongen kan ta livet av han, om han er huga på det. Dessutan har folk til alle tider vore flirsprengde, gråsprengde og mjølkesprengde.

Me grip gjerne til springa når me vil målbera at noko(n) rører seg snøgt oppetter eller bortetter. «Prisane sprang i vêret» tyder at dei hoppa eller spratt (jf. tysk springen ‘hoppa’). Å springa over noko er det same som å hoppa over det, og krumspring tyder eigenleg ‘hopp med krumme bein’. Springing går snøgt, men det er ein viss slingringsmon her: Det er skilnad på å småspringa og å koma i fullt firsprang. I alle fall flytter me oss snøggare når me spring enn når me går, men haken er at springing krev meir av oss. Som ordtaka seier: «Det hjelper ikkje sprang, når vegen er lang.» «Ein trottar (held ut) lenger med gang enn med sprang.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement