Springartrekket«Sjakk er eit vanskeleg spel. Om ein ikkje kontrollerer sentrum, har motstandaren ei friare stilling. Men om ein kontrollerer sentrum, då har ein verkeleg noko å uroa seg for», sa den store tyske sjakkfilosofen Siegbert Tarrasch (1862–1934).

Ulf Andersson skjøna at ein må vera varsam med bøndene, sidan dei ikkje kan gå bakover.
Ulf Andersson skjøna at ein må vera varsam med bøndene, sidan dei ikkje kan gå bakover.
Publisert

«Sjakk er eit vanskeleg spel. Om ein ikkje kontrollerer sentrum, har motstandaren ei friare stilling. Men om ein kontrollerer sentrum, då har ein verkeleg noko å uroa seg for», sa den store tyske sjakkfilosofen Siegbert Tarrasch (1862–1934). Slik er livet òg eit slit: Om ein har rikdom, må ein heile tida verna han.

Men det aller fyrste borna gjer når dei lærer sjakkreglane og korleis bøndene flyttar frå startstillinga, er å byrja med tårnbonden på randa to steg fram. Så kjem tårnet ut i neste trekk. Alle røynde sjakkspelarar veit at dette er ein dårleg strategi. Tårna er klossete og likar seg ikkje når det er for mange brikker på brettet. Då står dei best roleg i hjørnet sitt og ventar på sluttspelet. I slutt-
spelet, med mange opne liner, er tårna i sitt ess og fer frå den eine sida av brettet til den andre.

Når ein skjønar dette, vil ein heller opna partiet med ein bonde to steg fram i sentrum. På amatørnivå er kongebonden til e4 det vanlege trekket. Som 11-åring, i ein lagkamp i Sverige, fann eg ut at det fanst ein alternativ, meir raffinert måte å ta sentrum på: Ein kan gå fram med dronningbonden. Slik spela dei svenske borna.

Som 15-åring spela eg framleis kongebonden, men eg kunne ikkje lenger halda fram slik. Eg hadde ikkje legninga, eg treivst ikkje i ope landskap, i ope sentrumsspel. Tanken på eit anna sentrumstrekk – dronningbonden – var heller ikkje lokkande. Finst det ikkje noko meir?

Det var då det svenske posisjonsgeniet Ulf Andersson (f. 1951), ei kjenslevar sjel og ein varsam general, men éin gong nummer tre i sjakkverda, kviskra meg noko i øyret: «Hugs, unge mann, eit bondetrekk er alltid forpliktande då bonden ikkje kan angra og gå attende til start.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement