Ord om språk
Språkmektige makter
Makt korrumperer, vert det sagt, men det er ikkje verdt å prøva å fjerna makta med handmakt. Dersom me tek i av all makt, maktar me i beste fall å rikka ørlite på makttilhøva. Å ringja ordensmakta hjelper lite, for det står ikkje i deira makt å tyna alle maktapparat. Me skal likevel ikkje lata vanmaktskjensla maktstela oss. Maktfordeling er beste boteråda mot ovmakt, eller som ordtaket seier: «Måteleg makt er alltid best.» Me har soleis ei lovgjevande makt, ei iverksetjande eller utøvande makt og ei dømande makt. Mange av dei som har ordet i si makt, søkjer seg til den fjerde statsmakta, pressa.
Makt og dei nærskylde orda makta og mektig kan sporast attende til lågtysk macht. Denne ordflokken har vore med oss ei stund, jamfør yngre norrønt makt (‘makt, evne’, sideform mekt), mekta (‘vera i stand til; gjera sterk’) og mektugr (‘mektig; gjæv, gild’). Før desse orda smaug seg inn i nordisk, og i lang tid etter det òg, nytta folk gjerne megin, megn eller magn (‘styrke, kraft; helsetilstand’) og máttr (‘styrke, kraft; helsetilstand; buskap’). Ordlaget «mått og megin (el. megn, magn)» er ein fin avløysar til «kraft og styrke». No skjønar me at det er mykje kraft i namn som Magne og Magnhild.
Alle dei nemnde orda heng i hop med verbet måtta (norr. mega, ty. mögen). Dette ordet har grunntydinga ‘kunna, vera i stand til’ – ei tyding me finn att i makta, til dømes. Norsktalande tykkjer ofte at det er morosamt når danskar nyttar måtta om å kunna eller få lov til noko («må jeg gå nu?»). Engelskspråklege nyttar verbet på mykje den same måten («may I go now?»), utan at me flirer åt dei. Tydinga ‘vera nøydd til’, som er den me gjerne nyttar, er yngre enn dei ovannemnde. Engelsk almighty (t.d. «God almighty») svarar til allmåttug og allmektig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.